NRK Meny
Normal

Så er skisesongen i gang

Hovden Skisenter inviterte til opning i dag.

Hovden Skisenter opna løypene i dag. Som du kan sjå på bileta var det gode forhold i alpinbakken.

Gode løyper

– Løypene var gode og heldt god kvalitet. Med tanke på det forferdelege veret vi har hatt med regn og høg temperatur den siste tida, var dette perfekt, seier Johan Olav Brakestad ved Hovden Skisenter.

Totalt 239 besøkjande var innom skisenteret i dag.

– Det passa ganske bra med tanke på kapasiteten vi har akkurat no. Men når vinteren kjem for fullt har vi sjølvsagt langt større kapasitet, seier han.

Håpar på snø og kulde

– Vi har kun kring tre prosent av anlegget tilgjengeleg slik forholda er no. Men eg trur dei fleste som var her var glade for endeleg å kjenne skia under beina. Så håpar vi på snø og kulde framover, seier Brakestad.

Så langt er det kun ein liten del av alpinbakkane som er ope. Langrennsløypene er endå snøfrie.