NRK Meny
Normal

Bålbrenning starta skogbrann

Brannmannskap frå fire kommunar på Sørlandet er kalla ut i samband med ein skogbrann i Birkenes. Det er også kalla ut helikopter.

Created by InfoDispatcher

Sjå video frå skogbrannen i Birkenes. Foto: Lars Gunnar Retterholt.

Brannen starta då to personar tente eit bål. Flammane spreidde seg raskt til skog og kratt. Dei to personane er sende til legevakt for sjekk for røykskader.

– Vi jobbar for fullt i området, men har førebels ikkje kontroll. Det brenn nokså kraftig og det bles ein god del, sa Eddie Hoel i brannvesenet til NRK ved 17-tida.

Då var det kring 30 personar frå brannvesenet på staden. Brannvesenet ba også om bistand frå Sivilforsvaret.

Vanskeleg terreng

Mannskap frå både Vennesla, Birkenes, Kristiansand og Lilesand var kalla ut. Det er vart også bede om bistand frå brannhelikopter, som var på plass ved 18-tida.

– Det er eit kronglete terreng og litt vanskeleg å komme fram, seier Hoel.

– Vi har tilgjengeleg vatn frå små vatn og tjern i området så vi skal ha greit med sløkkevatn, seier han.

Skogbrann i Birkenes

Må stoppe straum

Fleire høgspentlinjer går gjennom brannområdet. Når helikopteret startar sløkking må straumen stoppast.

Det er førebels ikkje klart kor stort område som brenn, men bygningar skal ikkje vere truga av brannen, bortsett frå ei lita løe.

– Vi får sjå om vi klarer å berge den. Utover det er det ikkje fare for bygningar førebels, seier Hoel.

Brannvesenet reknar med at det vil ta lang tid å sløkke brannen.

– Heile kvelden og natta går nok til sløkking, seier Hoel.

Laster kart, vennligst vent...