Hopp til innhold

Rustar opp Kjevik for 370 mill.

Det skal blant anna byggjast nytt tårn og nye sikkerheitssoner på flyplassen i Kristiansand.

Kristiansand Lufthavn Kjevik

OPPRUSTING: I løpet av kort tid startar omfattande byggjearbeidet på Kjevik. Nytt tårn og utviding av rullebana er noko av arbeidet som skal gjerast. (Arkivfoto)

Foto: Asbjørn Odd Berge/NRK

Thomas Langeland

Thomas Langeland

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Første del startar om ein månads tid. Då er det byggjing av nytt tårn med tilhøyrande sikringsbygg, som gjeld, seier lufthamnsjef Thomas Langeland til NRK.no.

Nytt prosjekt

– Her skal det også energisentral på plass for å fornye den elektroniske strukturen på flyplassen, seier han.

Dette har ein totalkostnad på rundt 120 millionar. I tillegg vil endå eit utbyggjingsprosjekt starte til hausten.

– Det er sikkerheitssoner og lysanlegg. Det er eit prosjekt som skal utbetre sikkerheitssonene i begge endane og noko på sidene av rullebana. Det arbeidet vil pågå i to års tid framover, seier han.

Byggjer om natta

Utbetring av sikkerheitsområdet vil truleg koste rundt 250 millionar kroner. Dermed vil det bli gjort utbetringar for rundt 370 millionar kroner på Kjevik dei neste to åra.

Det meste av arbeidet til gå om nettene når flytrafikken står.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %