– Eg ventar eigentleg på at reaksjonen skal komme sånn ordentleg, seier Silje Strømland.
Ho er mor til 17 år gamle Emma Galdal Strømland, som var ei av dei som vart alvorleg skadd i ei russebilulukke natt til 1. mai.
– Ho hugsar ingenting frå då det byrja å riste i bilen og til ho vakna i ambulansen, seier mora.
Dottera er framleis prega av ulukka og har difor bedt mora Silje om å fortelje om hendinga på hennar vegne.
Det var tidleg om morgonen måndag 1. mai at politiet fekk melding om ei trafikkulykke på E39 ved Fosseland mellom Feda og Flekkefjord i Agder.
Ein russebil hadde køyrt ut av vegen og låg delvis i vatnet.
Fem personar var involvert i ulykka. Alle vart karakteriserte som alvorleg skadd.
Russebilen som køyrde av vegen vart heist opp av vatnet.
Foto: Lars Gunnar Eie / NRKVisste ikkje kor alvorleg det var
På morgonen for ulykkesdagen fekk Silje Strømland ein telefon frå ambulansepersonellet.
Då fekk ho høyre Emma si stemme seie: «Mamma, eg har vore i ei ulukke».
På det tidspunktet forstod ho ikkje kor alvorleg det hadde vore.
– Vi fekk hivd oss rundt og pakka saman nokre klede, og då dei ringde opp igjen etter ein halv time, sa dei at dei flyg ho til Stavanger i helikopter.
Det einaste ho visste då var at dottera var vaken, men at ho hadde vondt i nakken, kjeven og skuldrene.
– Vi kom oss på vegen, og det byrja å plinge inn nyheitsvarslar på telefonen. Det var då eg skjønte at det var ganske alvorleg.
Ho fortel om eit helsevesen og kriseteam som har vore fantastiske med å følgje opp heilt frå start.
– Medan vi køyrde ringde dei frå akutten i Stavanger og sa ho hadde komme fram. Sjølv om det var fælt å høyre at ho hadde det vondt og gret at vi måtte komme, var oppfølginga veldig god.
Førre veke vart éin av dei fem involverte utskriven frå sjukehuset.
Stadig forbetring
Måndag 8. mai får NRK opplyst at enda ein av ungdommane blir skriven ut.
– Han er i fin form. Han opererte lårbeinet på Ullevål sjukehus, men elles er det småskadar, fortel mora som ikkje ønsker å gå ut med namn på sonen.
Tre er førebels innlagde.
Rektor Tor-Inge Rake på Flekkefjord vidaregåande skule kjem med gode rapportar måndag ei veke etter ulykka.
Alle ungdommane er framleis i ferd med å friskne til.
– Det er stadig varierande grad av betring, men det er lysglimt der, seier rektoren ved skulen der alle er eller har vore elevar.
Politi eller helsevesen har ikkje gitt ut nøyaktig helsestatus på ungdommane.
Tor-Inge Rake er rektor ved Flekkefjord vidaregåande skule der alle ungdomane er eller har vore elevar.
Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK– Hadde vore marerittet
Silje Strømland fortel om ei dotter som har vore sterk oppi ein skummel og usikker situasjon.
No som kroppen byrjar å kome seg, og ein er fortruleg med dei skadane ein har fått, er det den mentale helsa som no må pleiast, forklarer mora.
– Ho er ei jente som liker å snakke ut om ting. Det er ho god til, så det vil nok hjelpe ho.
No nærmar det seg utskriving frå sjukehuset for Emma, og då Silje skulle gjere klar rommet hennar til heimkomsten, fekk ho ein reaksjon.
– Eg måtte setje meg ned å grine litt. Eg tenkte jo berre på om ho ikkje hadde komme heim og at rommet stod tomt. Det hadde vore marerittet.
No er ho takknemleg for at det har gått så bra som det har, både med ho og dei andre ungdommane i bilen.
Tre framleis på sjukehus
Det er førebels for tidleg å seie noko om årsaka til ulykka.
Det opplyser politistasjonssjef i Flekkefjord og Kvinesdal Asbjørn Skaaland til NRK måndag.
Ein person er sikta i saka fordi politiet ønskte blodprøve av vedkommande.
Svaret på prøva har ikkje komme enno.
Vedkommande er sikta for brot på vegtrafikklova paragraf 3, som gjeld aktlaus køyring.
Dei fem som var involverte i ulykka, vart karakteriserte som alvorleg skadde.
Politiet opplyser til Fædrelandsvennen måndag 8. mai at tre av dei som var i russebilen er avhøyrd, men at dei ikkje kan gå ut med kva dei har forklart om hendingsgangen.