NRK Meny
Normal

Røykte på senga - madrass tok fyr

Ein eldre mann er send til sjukehus for sjekk etter røykutvikling i ein bustad i Grimstad.

Ifølgje politiet tok ei madrass fyr etter at ein eldre mann røykte på senga.

Mannen vart funne av ein annan mann og ei heimehjelp. Også desse to er sende til sjukehus for sjekk, då dei har fått i seg giftig røyk.