Dette tok politiet hand om i natt

Politiet på Agder hadde ei roleg natt til laurdag.

00.49 Kristiansand: Ein mann (28) vart meld for urinering på offentleg stad.

00.04 Arendal: Ein mann i 40 åra vart arrestert etter å ha blitt teken med hasj, tablettar og ein kniv på Hisøy.

00.00 Arendal: Ei kvinne vart send til legevakta etter at ein parkert bil trilla på ho på Tyholmen i Arendal.

22.27 Kristiansand: Politiet vart kalla ut etter slåstkamp mellom to kvinner og ein mann i Kristiansand sentrum.

22.21 Songdalen: Politiet rykte ut etter meldingar om «vill bilkøyring» i Kilen i Finsland.

21.09 Kristiansand: Ein rusa mann vart køyrt til arresten etter at han gjekk rundt og kjende på bildører på Slettheia.