Hopp til innhold

Rogalending til topps i Sesilåmi

19-åringen Stian Hoelgaard frå Gjesdal IL i Ålgård gjekk til topps i årets utgåve av Sesilåmi.

Stian Hoelgaard

VANN: Stian Hoelgaard var først i mål i årets Sesilåmi.

Foto: Anita Heiaas Haugen/Sesilåmi

– Det var vanvittig kjekt. Det har vore eit lite mål dei siste vekene. Eg har trent for dette, så det var veldig kjekt å klare å gå til topps, seier Hoelgaard til NRK.no.

Hoelgaard kom i mål på tida 2.56,51.

– Eg prøvde eit lite rykk ein kilometer før mål og fekk ei luke. Den held til mål, så det var herleg, seier han.

Tunge forhold

Totalt 2500 deltakarar stilte til start i det over 50 kilometer lange løpet. Tåke og plussgrader gav vanskelege forhold.

– Det var ein veldig fin tur. Det var tungt føre så det vart lang løpstid, men det var kjekt å gå skirenn, så eg kosa meg heile vegen, seier han.

Tor Joar Ravndal vart nummer to, medan Joar Thele frå Flekkefjord vart nummer tre.

Vann kvinneklassa

Tone Sundvor frå Bjerkreim IL gjekk til topps i kvinneklassa og kom i mål på tida 3.18,03.

Fjorårets renn vart avlyst på grunn av uvêr. Sesilåmi er det største skirennet på Sørlandet og vart første gang arrangert i 1976.

NRK.no kjem tilbake med meir.

Sesilåmi 2011

START: 2500 deltakarar stilte til start i årets utgåve av Sesilåmi. Her er nokre av utøvarane klare for start.

Foto: Siv Kristin Sællmann/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %