Røde Kors vil ikkje jobbe med væpna politi

Røde Kors vil ikkje delta i politioppdrag der politiet brukar våpen. Røde Kors-logoen må dekkast til på utstyr politiet eventuelt lånar.

Røde Kors og Norsk Folkehjelp

Røde Kors har gitt beskjed om at dei ikkje vil jobbe med væpna politiet.

Foto: Rune Nordgård Andreassen / NRK

– Vi har bede om forståing frå politiet om at dei ikkje skal vere væpna i ein operasjon med uniformerte Røde Kors-mannskap, seier leiar i landsrådet for Røde Kors Hjelpekorp, Ole Gladsø til NRK.

Ole Gladsø

Ole Gladsø.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

I eit brev NRK har fått tilgang til skriv Røde Kors at deira personell eller utstyr ikkje skal nyttast til oppbevaring eller transport av våpen.

Politiet vil ta omsyn til Røde Kors

No har politidirektoratet sendt ut eit brev til alle politidistrikta i landet.

Der går det fram at dei tek Røde Kors sitt syn til etterretning og at dei har forståing for organisasjonen sitt standpunkt. Ingen i direktoratet har vore tilgjengeleg for å kommentere saka.

Dei skriv også at politidistrikta skal ta omsyn til dette.

– Vi har ein logo som er beskytta av Geneve-konvensjonane, som gjer oss nøytralitet. Det gjeld alle partar, men vi bistår der det er behov utan at vi tek standpunkt til kva part det er, seier Gladsø.

– Vi har bestemmelsar om ikkje å kombinere våpen med humanitær innsats, seier han.

Må fjerne Røde Kors-logo

I brevet skriv Røde Kors at dersom deira utstyr skal brukast i politioppdrag, så må det raude korset fjernast frå utstyret.

– Vi vil jo ikkje nekte å gjere ei oppgåve sjølv om politiet har behov for væpne seg. Då må vi sjå veldig nøkternt og praktisk på dette, seier Gladsø.

Ein tenkt situasjon der dette kan gjere seg gjeldande er ein kombinert redningsaksjon og politiaksjon.

– Det kan vere ei kriminell handling der det er behov for væpna politi, samstundes som vi driv redningsarbeid. Difor oppfordrar vi politiet til å ta av seg våpenet og legge det i bilen, i alle fall når dei nærmar seg våre køyrety og kommandobrakker som er merka med vår logo, seier han.