Hopp til innhold

Risikerer ny taksering

Dersom eigedomsskatten i Kristiansand slår usosialt ut kan det i verste fall bli omtaksering av eigedommane i kommunen.

Boliger

NY RUNDE? Det kan bli aktuelt med ny taksering av eigedommane i Kristiansand, dersom det viser seg at dei med minst å rutte med, må betale meir skatt enn dei med mest pengar. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Roland Schgaguler / Scanpix

Jørgen Kristiansen

Jørgen Kristiansen

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Bakgrunnen er utrekningar som viser at dei rike betalar minst eigedomsskatt.

– Eg var i grunn ganske overraska over grafen som vart presentert, seier gruppeleiar i KrF, Jørgen Kristiansen til NRK.no.

Vil ikkje ha det slik

I førre veke vart dei nye takstane på eigedommane i kommunen offentleggjort. Men Kristiansen vil ikkje godta at dei som har minst å rutte med må betale mest i eigedomsskatt.

– Den viser ein systematisk samanheng med at dei som har lågare verdi på eigedommen betalar relativt sett meir eigedomsskatt, seier han.

– Slik ynskjer vi ikkje at det skal vere, legg han til.

Kristiansen har no bede om ei forklaring frå kommunalutvalet.

Ny taksering

– Så får vi høyre kva svar vi får. Dersom svaret ikkje er tilfredsstillande kan det hende vi i verste fall står føre ei ny taksering, seier Kristiansen.

Også gruppeleiar i Arbeiderpartiet i kommunen, Terje Næss, stadfestar overfor NRK.no at dei vil sjå nærare på dei sosiale konsekvensane av den nye eigedomsskatten.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %