Hopp til innhold

Risikerer å måtte betale for leiteaksjon

Ei kvinne som vart meldt sakna i Arendal tysdag risikerer sjølv å måtte betale for leiteaksjonen.

Leiteaksjon etter kvinne i Arendal

Sea King-helikopter deltok i leiteaksjonen.

Foto: Elisabeth Grosvold

Kvinna i 50-åra vart meldt sakna tysdag ettermiddag.

Både Sea King-helikopter, politifolk med hundepatruljar og frivillige deltok i søket etter kvinna.

Kom heim

Leiteaksjon i Arendal

Norske Redningshunder deltok i søket etter kvinna.

Foto: Norske redningshunder

Leiteaksjonen vart sett i gong litt før klokka 18 tysdag, og avslutta ved firetida natt til onsdag utan resultat.

Men berre kort tid etter at leiteaksjonen vart avslutta kom kvinna heim.

– Det er meiningslaust å drive leiteaksjon på dei premissane, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Per Kristian Klausen til NRK.

Politiet etterforskar no omstendigheitene rundt det som har skjedd.

Seinare skal politiet ta stilling til om dei vil krevje erstatning.

– Saka går vidare til juristar som vurderer om saka får etterspel, seier Klausen.

– Eg blir oppgitt

Politiet vil førebels ikkje seie noko om kva forklaring kvinna har gitt.

– Det er andre som treng hjelp. Når vi får ein leiteaksjon må vi prioritere. Dette blir gale i alle baugar og kantar. Eg blir oppgitt, seier Klausen.

Redningsleiar ved Hovudredningssentralen i Sør-Norge, Stein Solberg, seier dei av og til opplever at sakna personar plutseleg dukkar opp.

– Vi tek alle oppdrag like alvorleg uansett, seier han.

Laster Twitter-innhold
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %