Hopp til innhold

Rettssaka utsett i Bolivia

Pågriping av ein 23 år gammal etterlyst mann førte til utsettjing i saka mot den 19 år gamle kvinna frå Lillesand.

Norske kvinner arrestert i Bolivia
Foto: Arild Vik / NRK

Mannen er tiltalt for kokainsmugling på lik linje med dei tre norske kvinnene, ifølgje VG Nett. 23-åringen er no pågripen etter at politiet fann han i Cochabamba, same stad som kokainsmuglinga fann stad for halvanna år sidan.

► LIVE: Følg rettssaka direkte

Kan ha informasjon

Rettssaka som skulle ha starta i dag , vart i ettermiddag utsett på grunn av at påtalemyndigheitene meiner han har hatt ei sentral rolle, og kan sitje med betydningsfull informasjon om hendelsesforløpet, skriv VG.

Advokaten til den 19 år gamle kvinna frå Lillesand, Marius Dietrichson, er kritisk til at dei tre norske kvinnene ikkje har fått hjelp til å betale advokatrekninga. Så langt har dei måtte betale for advokatbistand sjølv.

Må betale advokat sjølve

– Fylkesmannen her heime som har ansvaret for utanlandssaker og advokatbistand er eg ikkje nøgd med. Dei har gjennomgåande overfor alle tre kvinnene nekta å bidra med midlar for at dei skal få eit tilfredsstillande forsvar i Bolivia, seier han til NRK.

Det har gjort at kvinnene på eigahand har måtte ordne advokat.

– No har dei alle måtte engasjere forsvarar på eigahand, og det er uvisst om dei klarar å betale rekningane, seier advokaten.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %