Hopp til innhold

Rekordmange steinsprutskader

Aldri før har så mange bileigarar reparert steinsprutskader. Gode forsikringsordningar er årsaka til at fleire fiksar rutene, trur bransjen sjølv.

Morten Mitchell

REPARASJON: Stadig fleire reparerer steinsprutskader på bilvindauga. Reparatørane trur gode forsikringsordningar er årsaka til at fleire vel å reparere rutene.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

– Det har vore ein formidabel auke dei siste ti åra. Vi snakkar om ei auke på 70–80 prosent i talet på skadesaker. Ser vi på erstatningsutbetalingar aukar dei endå meir. Der snakkar vi om 150 prosent auke over ti år, seier informasjonsdirektør i If Forsikring, Jack Frostad til NRK.no.

– Etter at kulda kom har det vore ekstremt. Vi har dobla får i haust til no på denne tida. Pågangen er langt større og dobbelt så stor som elles i året, seier dagleg leiar Vidar Espeland ved Ruterknekt i Kristiansand til NRK.no.

Auka fokus på forsikring

Jack Frostad

VIL TA REKNINGA: Jack Frostad i If Forsikring trur forsikringsselskapa også i framtida må ta rekninga for reparasjon av steinsprutskader på vindauga.

Vinterstrødde vegar er ei viktig årsak til steinsprutskader. I tillegg spelar meir trafikk, vekslande føre og overgang til mjukare piggfrie dekk inn.

I tillegg er auka fokus på at forsikringa dekkjer kostnadene ved ein reparasjon ei av årsakene til at fleire vel å gjere det.

– Det er jo kostnadsfritt eller gratis for kundar som har kasko eller delkasko å reparere ein steinsprutskade. Det kostar vesentleg mindre for forsikringsselskapet å gjere dette kontra å skifte glas. Då er det gjerne ein eigedel på 2000 kroner for å skifte glaset, seier Espeland.

Også forsikringsbransjen merkar at fleire vel å reparere steinsprutskader i staden for å skifte ruta.

Avanserte glas

– Eg trur nok at folk har blitt veldig observante på at ein slepp å betale eigedel dersom ein reparerer frontruta i staden for å skrifte den. Det har blitt ein forrykande vekst på grunn av det, seier han.

Bilglasa er blitt meir teknisk avanserte og dyrare å reparere. For forsikringsselskapa vil det vere mykje å spare på ein enklare type glas, men forsikringsselskapa må ta rekninga, trur Frostad.

– Dette er nok ei rekning som må takast på bilforsikringa og ei utvikling som har komme opp på eit nivå som vi må rekne med vil halde fram også i tida framover, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %