– Nydeleg morgon, seier Tom Tjernshaugen.
Med ein kaffikopp i handa nyt pensjonisten frå Fredrikstad vårsola på ein campingplass i Kristiansand.
– Å sitje med kaffi på morgonen er kjempeherleg, seier campingturisten.
Det å reise rundt i Noreg med eigen bustad har vorte ein del av pensjonisttilværet hans.
Men kamp om plassane kan det bli, for aldri før har nordmenn reist så mykje rundt i eige land som i år.
– Eg trur kanskje pandemien har spelt ei stor rolle. Ein fekk vist fram alt det fine Noreg har å by på då vi måtte feriere her.
Langt fleire enn i fjor
Pensjonisten frå Fredrikstad er ikkje den einaste som har valt Noreg som feriedestinasjon.
Aldri før har så mange nordmenn reiste på ferie i eige land i første kvartal i år tidlegare.
Tal frå SSB viser at vi drog på 7 millionar reiser i eige land frå januar til mars i år.
Det er ein auke på 23 prosent frå i fjor.
Kvar skal du reisa på ferie i år?
Langt fleire besøkjande enn forventa
I Dyreparken i Kristiansand merker de godt til dette.
Så langt i år har dyra fått besøk av fleire turistar enn det marknadsdirektøren i parken, Anniken Bjørnstad Schjøtt, hadde antatt.
– Vi har faktisk hatt høgare besøksdel enn det vi hadde budsjettert med. Dei første månadene i år har vi hatt ein auke av gjester på 16 prosent.
Marknadsdirektør i Dyreparken i Kristiansand, Anniken Bjørnstad Schjøtt, er godt fornøgd med talet på besøkjande i parken så langt i år.
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK
Skal halde fram
Tilbake på campingplassen er solfaktoren godt fordelt og turist Tom Tjernshaugen er klar for å nyte feriedagen.
Sjølv om reiserestriksjonane som kom med koronapandemien er historie har pensjonisten ikkje tenkt til å gi slite på Noregsferie han har vorte så glad i.
– Det er nydeleg å kunne sitje ute med kaffikoppen, la tankane fly og ha ro og fred. Simpelhet.