Hopp til innhold

Rekordlåg valdeltaking

I Arendal stemte berre 53 prosent av dei stemmeberettiga, medan 56 prosent gjekk til valurnene i Kristiansand. – Politikken blir stadig meir kompleks, meiner valekspert.

Dag Ingvar Jakobsen

NRKs valekspert Dag Ingvar Jacobsen trur grunnen til at veljarane sviktar kommunevalet er mangel på mobiliserande saker på lokalt nivå.

Foto: NRK

Valglogo

53,4 prosent av dei stemmeberettiga stemte i Arendal, mot rundt 60 ved sist kommuneval.

– Det som har overraska litt er at i enkelte kommunar der det har vore ganske oppheita debattar, til dømes i Kristiansand med debatten om parkeringshuset under Torvet, så skulle ein tru at dette hadde mobilisert ganske mange veljarar. Men så får vi altså rekordlåg oppslutning. Det er eit misforhold mellom det vi trur mobiliserer og det som faktisk mobiliserer.

NRKs valekspert, Dag Ingvar Jacobsen, trur ikkje at det er latskap som fører til at folk unngår å gå til valurnene ved kommunevalet.

– Ein skal ikkje sjå bort ifrå det at å ta eit politisk val spesielt i eit lokalval er vanskeleg. Det er ikkje så klare skiljelinjer mellom partia og det er vanskeleg å finne ut kven ein skal stemme på, for kva slags sak står dei eigentleg for?

Tilfreds apati

Nokre vel å ikkje gå til valurnene ved kommuneval fordi det ikkje har så stor betydning. Det er Jacobsen einig i.

– Dei har eit poeng. Det er avgrensa kva kommunepolitikarar eigentleg kan bestemme over. Og så er det eit poeng til, som eg trur er ei viktig forklaring: folk er nøgde. Ein kan på ein måte kalle det tilfreds apati. Det trur eg har mykje å seie.

– Stadig meir kompleks

Jacobsen trur ikkje lokalpolitikken har blitt uinteressant for folk.

– Eg trur politikken er interessant, men eg trur han blir stadig meir kompleks. Eg trur det blir vanskelegare å finne akkurat det partiet som passar for seg, og dermed blir veljarane frustrerte, og det blir lettare å site heime.

Han trur det vil bli ein framvekst av såkalla enkeltsak-parti.

– Vi ser til dømes Miljøpartiet De Grønne som framleis fokuserer mest på ei sak, dei greier å mobilisere ganske mange veljarar i dette valet her.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %