Klubben har nemleg avgjort at dei fire hjørna på Sør Arena skal fyllast med store reklamebanner i staden for publikum neste år.
- LES OGSÅ: Publikumssvikt gir enorme tap
Dermed vert kapasiteten redusert med rundt 2700 seter. Maksimal kapasitet i 2011 vil vere rundt på 11 700.
Trur på betre stemning
– Vi trur stemninga på arenaen blir endå betre no som publikum blir meir samla, seier sportsleg administrativ leiar i Start, Rune Jacobsen til klubben sine nettsider.
– Vi føler oss nemleg sikre på at nokon av kampane til neste år vert utselt, seier Jacobsen.
- LES OGSÅ: Spillerlønningene skal ned
Men ut ifrå årets publikumstal å dømme skal Jacobsen få slite med å fylle arenaen. I kampen mellom Start og Viking var det 10 903 publikummarar innom portane. Det er den best besøkte kampen hittil i år. Sjølv om det er langt ifrå fullsett, er Jacobsen nøgd med publikumsoppmøtet i år.
Tredje beste sesong
– Tilskodartala i år ser ut til å bli tidenes tredje beste for Start. Det ser ut til at vi får ei lita auke frå i fjor. Det er vi sjølvsag nøgde med, seier han.
- LES OGSÅ: Publikum svikter Start
- LES OGSÅ: Publikum svikter toppfotballen
– Med dette tiltaket får vi i tillegg noko høgare inntekter på sal av reklame på stadion, seier Jacobsen.