Reke-manko sender prisen til himmels

300 kroner kiloen for reker. Det kan bli prisen innan kort tid. Bransjen fortvilar over rekemangel og forskerne klør seg i hodet.

Daglig leder ved Fiskebrygga Arendal

Rekeprisane vil truleg auke to gonger til i sommar. Dagleg leiar Monica Larsen Strømsland på Fiskerbrygga i Arendal.

Foto: PRIVAT

– Rekene kostar 265 kroner kiloen no, men vi forventar to prishopp i sommar. Prisen bikkar nok 300 kroner, seier dagleg leiar Monica Larsen Strømsland på Fiskebrygga i Arendal.

Ho seier det er fleire år sidan ferske reker har kosta så mykje. Prisen blir påverka av tilgangen på den rosa delikatessa.

– Det har ikkje vore så lite reker i havet utanfor Sørlandet på nesten 10 år, seier Strømsland.

Skaldyrbord til høg pris

Dagleg leiar i Fiskerlaget Sør, Erlend Grimsrud, stadfestar at rekefangsten ikkje er mykje å skryte av.

I tillegg er òg rekene små.

– Bestanden svingar, og no er det mykje unge reker som må fredast fram til gyting, forklarer Grimsrud.

Fiskerlaget Sør

– Dette går mest utover fiskarane som har stor innsats og lite utbytte, seier Erlend Grimsrud i Fiskerlaget Sør.

Foto: PRIVAT

Han seier det fleire forhold som avgjer rekeprisen.

– Prisen er høg på grunn av låge kvotar og fangstar. I tillegg har auka CO2-avgift på drivstoffet til reketrålarar køyrt prisen opp, seier han.

Bransjen anslår at rekemangelen vil halde seg til ut i september.

Grimsrud fortel at rekemangelen ikkje berre er eit problem lengst i sør. Han seier det rammar store delar av kysten.

Rekemangel over store delar av landet

I Trøndelag er det òg lite reker å hente frå havet.

Det stadfestar fiskar Hans Finnanger frå Otterøya utanfor Namsos.

– Nokre felt her har nesten ikkje reker, men det varierer. Det kostar ca. 160 kroner for ein kilo reker no, seier han.

reker på kaia

Det er rekemangel over store deler av landet.

Foto: Kari Skeie / NRK

I Vestland har Kjell Natterøy i Bømla slutta som rekefiskar.

– Her er det for lite, så ingen kan leve av rekefiske her no, seier han.

Og, det blir ikkje betre på Austlandet.

– Vi får altfor lite. Vi kan produsere 22 tonn med reker kvar dag, men no har vi berre nok til tre tonn reker, seier dagleg leiar Arild Stulen ved Finny Sirevaag AS. Bedrifta er Noregs største produsent av reinska reker som blir selde i butikkar over heile landet.

I 2009, 2013 og 2014 var det òg dårlege «rekeår» med tilhøyrande prisauke.

Ukjent grunn

NRK har vore i kontakt med forskar ved havforskingsinstituttet, Guldborg Søvik, for å finne svar på kvifor det er så store variasjonar og lite reker.

– Det finst ikkje ein kjent grunn til kvifor det er så dårlege år for rekene, men det me har sett er at det er lite nye reker for kvart år.

Dårlege rekeår har det vore i lang tid, helt sidan 2007. Ifølge Søvik er det naturleg med svingingar i rekebestanden, men at den for augneblinken er under føre-var-grensa, ei grense som gjer at antallet reker held seg.

– Me vil ha ein høgare bestand enn det for augneblinken ligg på. Derfor blir det delt ut færre kvotar for rekefiske.

Guldborg Søvik

Guldborg Søvik har doktorgrad i terrestrisk økologi og har forska på reker i fleire år. Ho har ikkje noko godt svar på kvifor talet på reker varierer så mykje.

Foto: Torhild Dahl / Havforskningsinstituttet

Mykje reker i nord

Medan store delar av landet må avfinne seg med liten fangst og høge prisar er situasjonen ein annan i Nordland.

– Vi har mykje reker og dei er saftige, seier dagleg leiar Bodil Holmen, ved Nordreker i Lurøy kommune.

Ho sel for tida reker med ein kilopris på 160 kroner.