Hopp til innhold

Rekdal sin elleville statistikk gir Start håp om cupfinale

Start har ikkje spelt cupfinale i løpet av 113 år. No håpar dei at trenar Kjetil Rekdal kan bryte «forbanninga» med sine mange store prestasjonar i cupen.

Eliteserien fotball 2018 Start - Sarpsborg 08 1-0.

Kjetil Rekdal og assistenttrenar Mick Priest jublar for siger i eliteseriekampen mot Sarpsborg 08 tidlegare i år. Torsdag kan det bli meir jubel for sørlandsklubben.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

– Det krevst ein enorm prestasjon. Det er slik i fotball at det ikkje er noko som er hundre prosent sikkert. Det er alltid ein sjanse. Det er den vi må prøve å gjere størst mogleg, seier Rekdal.

I 2005 feira Start 100-årsjubileum, og var ein offside frå sitt tredje seriegull. Men i cupen ligg det nærast ein «forbanning» over kristiansandsklubben.

Laget har spelt sju semifinalar, men aldri makta å komme til cupfinalen.

Sjekk denne merittlista

No håpar Start-fansen at Rekdal, som kom inn i sommar då Mark Dempsey fekk sparken, kan vere trenaren som leiar dei til sin første cupfinale.

Rekdal har definitivt historia på si side før torsdagens semifinale mot Rosenborg.

  • 1994: Vann cupfinalen med Molde som spelar.
  • 2002: Var spelande trenar i Vålerenga då dei slo Odd i cupfinalen.
  • 2009: Var trenar i Aalesund då dei kom til sin første cupfinale nokosinne. Dei slo Molde 7–6 etter straffespark.
  • 2011: Vann cupfinalen med Aalesund igjen. Denne gongen 2–1 mot Brann.
  • Rekdal har også vunne cupen for juniorar med Molde.
  • Sjølv meiner han at han berre har tapt ein semifinale.
  • Rekdal har altså vunne fem av fem cupfinalar. No jaktar han sin sjette.
SEMIFINALE CUP

Ein av sju nedturar i semifinale for Start. Her deppar Todi Jönsson etter å ha tapt 2–3 for Fredrikstad i 2006.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Frå opptur til nedtur

I år vart draumen for alvor blåse liv i, då laget tok seg vidare til semifinalen, etter å ha slått Bodø/Glimt i kvartfinalen.

Så vart det klart kven dei møter i semifinalen. Rosenborg borte på Lerkendal.

Igjen var draumen knust, meinte mange.

– Vi må finne ei moglegheit til å slå dei. Det er det dette handlar om. Eg skal ikkje seie at vi må prestere over evne, men vi må prestere opp mot maksimalt i 90 minutt pluss tillegg. Så må vi kanskje ha litt marginar og håpe Rosenborg ikkje har sin beste dag.

Kjetil Rekdal

Kjetil Rekdal tok sitt første cupgull som trenar med Vålerenga i 2002.

Foto: Morten Holm / NTB scanpix

– Ubehag og press

– Eg trur det er litt tilfeldig. Det handlar om å gjere ein best mogleg prestasjon slik at sjansen aukar. Jo lengre kampen går og det står uavgjort, eller kva det er, så vil sjansen vere der.

– Kva seier du til spelarane?

– Dei må ha det gøy. Det må jo vere kjempeartig å vere i ein posisjon der du kan slå ein kjempefavoritt ut av ein semifinale og lage historie på Sørlandet. Så må dei tore å sleppe seg lause og jobbe beinhardt. Ein slår ikkje Rosenborg på flaks, seier Rekdal.

– Litt ubehag og press må også alle føle. Har du det for fint, presterer du dårlegare enn du bør.

Eliteserien fotball 2018 Start - Stabæk 2 -1

Kjetil Rekdal har fått trua tilbake hos Start-fansen. Torsdag kan laget kvalifisere seg til sin første cupfinale nokon gong.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Trur på Rosenborg-fiasko

Hos Rosenborg sin største rival Molde, trur dei litt Rekdal-magi kan vere det som skal til for å bryte «cupforbanninga».

– Eg trur dei vinn. Det er eit veldig vanskeleg lag å møte, så dei kjem til å skape trøbbel for Rosenborg, seier Molde-spelar Vegard Forren.

– Kjetil gjer mykje med laget. Det er spelarane som avgjer ute på bana. Men Kjetil klarer å få spelarane til å yte maks. Det er det som skal til i ein semifinale. 90 minutt, alt kan skje, seier Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær.

Solskjær og Rekdal

Ole Gunnar Solskjær seier han unner Kjetil Rekdal ein cupfinale. Han trur Start kan skape trøbbel for Rosenborg.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %