Reistad vrakar Vipers – signerer for meisterliga-rival

Eit av Europas største handballtalent har bestemt seg. Henny Reistad (21) droppar Vipers Kristiansand og held fram karrieren i «norsk» klubb i utlandet.

Ou60Al5LCNM

Henny Reistad forlèt Vipers Kristiansand etter denne sesongen. Neste stopp blir Esbjerg og Danmark. Her i duell med si nye lagvenninne Sanna Solberg-Isaksen meisterligaen laurdag kveld.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Laster innhold, vennligst vent..

Reistad klar for danske Esbjerg.

21-åringen blir allereie søndag presentert som Esbjerg-spelar.

Der blir ho lagvenninne med seks andre nordmenn neste sesong.

Marit Malm Frafjord, Sanna Solberg-Isaksen og Kristine Breistøl var alle med på å sikre EM-gull saman med Reistad i desember. Neste sesong spelar dei også på same klubblag.

Henny Reistad vil ikkje kommentere opplysningane om at ho er klar for Esbjerg.

– Verdsklasse

– Vipers mister ein spelar for framtida med allereie eit høgt internasjonalt nivå. Ho kjem til å utvikle seg til å bli ein verdsklassespelar, seier NRKs handballekspert Peder Langfeldt.

Reistad blir sett på som eit av dei største handballtalenta i Europa.

Fleire storklubbar ute i Europa har snusa på 21-åringen dei siste åra. Blant andre Györ.

Etter denne sesongen går kontrakten med Vipers ut.

I februar i fjor sa Reistad til NRK at ho trudde at ho kom til å signere ein ny kontrakt med Vipers.

Eitt år seinare blir det altså punktum i Kristiansand.

– Eg kan ikkje seie noko om det. Det kjem ei avgjerd om ikkje så lenge, så får vi sjå, seier Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad.

– Eg kommenterer aldri slikt. Det handlar om respekt for spelar og klubbar, seier Esbjerg-trenar Jesper Jensen.

Rto684b6bGk

Neste sesong spelar Henny Reistad med denne gjengen. Eit lag med seks norske spelarar frå før: Rikke Granlund, Marit Malm Frafjord, Kristine Breistøl, Marit Røsberg Jacobsen, Sanna Solberg-Isaksen og Vilde Ingstad.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Scora mot sin nye klubb

Laurdag kveld møtte Henny Reistad og Vipers nettopp Esbjerg i meisterligaen. Vipers såg ut til å ta ein komfortabel siger då dei leia med seks mål tidleg i andre omgang.

Men danskane spelte seg inn igjen i kampen. Ti minutt før slutt gjekk dei opp i leiinga 24-23 då Marit Røsberg Jacobsen overlista Katrine Lunde.

Kampen enda til slutt 28-28.

Dermed held sørlendingane fram den gode trenden i Europa. Klubben har endå ikkje tapt i meisterligaen.

Sjå direktesending med reaksjonar etter oppgjeret mellom Vipers og Esbjerg.

Laster innhold, vennligst vent..