NRK Meny
Normal

Regjeringa vil lære av suksess på Sørlandet

Regjeringa ser til Sørlandet når dei skal få fleire tilbake i arbeidslivet. Målet er å finne ut kva slags verkemiddel som fungerer best.

Regjeringen ser nå til Sørlandet når de skal få flere tilbake i arbeidslivet. Målet er å finne ut hva slags virkemidler som fungerer for å få flere i jobb. Emmanuel Williams er en av dem som har lykkes.

Se reportasje.

– Dette er ein stor draum for meg, seier Emmanuel Williams til NRK.

Han er ein av kring 100 personar som har fått seg jobb gjennom attføringsbedrifta Varodd i Kristiansand.

Berre i år får kring 6000 menneske jobb gjennom ulike attføringsbedrifter i Norge.

No vil regjeringa lære korleis attføringsbedrifter som til dømes Varodd jobbar for å få folk i arbeid.

Spør etter behov

– Vi har eit konsept som vi har utarbeidd over fleire år. Vi jobbar kanskje litt annleis enn tidlegare ved å gå ut i bedrifter og spørje kva dei har behov for, seier prosjektleiar i Varodd, Lars Trægde.

Leiar av Stortingets arbeids- og sosialkomité, Arve Kambe, var onsdag på besøk på Sørlandet for å hauste Varodd sine erfaringar.

Han besøkte også Emmanuel Williams på jobb på XXL.

– Mange får fast jobb

– Varodd er ei veldig god attføringsbedrift som får folk til å bli verande i arbeidslivet etter å ha vore på ulike tiltak. Samstundes er dei avhengige av bedrifter som har tiltaksplassar. Mange får fast jobb til slutt, og som mange seier, hadde dei sendt ein ordinær søknad hadde dei ikkje komme til intervju ein gong, seier Kambe.

– Vi må finne ut kva tiltak som verkar. Vi veit til dømes at jobb i ordinære bedrifter er det som fungerer best. Difor må regjeringa satse på det, når vi skal velje kva tiltaksplassar vi skal løyve meir pengar til, seier han.