Hopp til innhold

Regjeringa vil hjelpe unge mødre

Regjeringa har sett av 25 millionar kroner til å kjempe mot barnefattigdom. No rettar regjeringa seg inn mot unge mødrer.

Ung mor

UNGE MØDRE: Regjeringa vil hjelpe unge mødre ut i arbeidslivet eller tilbake på skulebenken. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Colourbox

Barn av unge mødrer utan høgare utdanning og arbeid, er ofte barn som fell under kategorien fattige i Norge. Det vil regjeringa gjere noko med.

Kari Henriksen (Ap)

GIR PENGAR: Stortingsrepresentant Kari Henriksen (Ap), understrekar at regjeringa ikkje vil presse unge mødre ut i arbeidslivet. - Det viktigaste er at dei får leve dei liva dei vil, seier Henriksen.

Foto: Svein Sundsdal / NRK
Rolf Velle

SKAL HJELPE: Rolf Velle i Nav Vennesla seier at dei unge mødrene skal få hjelp til å meistre dagleglivet.

Foto: Odd Rømteland / NRK

– Det viser seg at fellestrekk ved fattigdom er låg utdanning, ikkje tilknyting til arbeidslivet og der ein har familiar med mange barn, seier stortingsrepresentant Kari Henriksen (Ap) til NRK.no.

Skal gi råd

– I den siste gruppa er det spesielt innvandrarfamiliar, men i dei to andre gruppene har vi mange unge mødrer som tidleg får ansvar for eigne barn. Dermed fell dei utanfor vidare utdanning og arbeidslivet, seier Henriksen.

Men det er ikkje dei aller yngste mødrene regjeringa vil nå ut til. Det er mødrer som er i slutten av 20-åra. Målet er at Nav skal gi råd om både vidare studiar og jobbmoglegheiter.

Vennesla kommune har i mange år hatt mange unge mødrer. No får kommunen 200 000 kroner som skal brukast på rettleiing og rådgjeving til mødrer.

– Skal påverke barna

– Den viktigaste delen handlar meir om foreldrerolla. Det å kunne påverke ungane riktig, seier Rolf Velle i Nav Vennesla.

– Det å tenke gjennom korleis ungane skal følgjast opp i forhold til kosthald, privatøkonomi og ting som har med det å kunne meistre dagleglivet, seier Velle.

– Er dette noko unge kvinner i Vennesla treng meir enn kvinner i andre kommunar?

– Det trur eg eigentleg ikkje. Det er mange som blir mødrer tidleg som har utfordringar som dei treng hjelp til å sjå på og diskutere. Eg trur ikkje det er spesielt for Vennesla, seier Velle.

– Kan bety uføretrygd

Stortingsrepresentant Henriksen er klar på at dette ikkje handlar om å presse unge mødrer ut i arbeidslivet. Men ho legg vekt på at det er viktig at alle har moglegheit.

– Hovudmålet er at dei skal få gode liv og at dei får levd liva dei vil. At dei skal forsørgje seg sjølv, dei som har evne og moglegheiter til det, seier Henriksen.

– Det kan anten vere at dei tek utdanning, jobb, eller at dei har andre ordningar som er riktig for dei. For nokre kan det bety uføretrygd, men ikkje for alle, seier stortingsrepresentanten.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %