Forslaget om å avvikle heile regelverket skal sendast på høyring, og vil mest truleg tre i kraft frå neste sommar.
– No er det slik at vannskutarar skal behandlast på same måte som alle andre motoriserte fartøy på sjøen. Det er ei løysing eg trur er veldig god og som alle lett kan ta omsyn til, seier stortingsrepresentant Svein Harberg (H) til NRK.
- Les:
– Ein heilt annan standard i dag
Harberg seier eit eige regelverk for vannskutarar ikkje lenger er aktuelt.
– Det er det nok fleire grunnar til. For det første er ein no meir kjent med korleis desse fartøya er og korleis dei verkar, seier han.
– Så skal det påpeikast at dei er av ein heilt annan standard i dag og dei følgjer EØS-reglane, så det er som ein vanleg båtmotor. Dermed er det naturleg å følgje med den utviklinga, og fjerne det som er ein særeigen ordning for vannscootarar, seier Harberg.
Stortingspolitikaren seier vannskuterforskrifta har vore problematisk når den har stått for seg sjølv som ei særeigen ordning.
– Den har unaturlege reguleringar i forhold til alle dei andre fartøya som også beveger seg på sjøen, som har akkurat same bruk. I dag brukar folk vannskutarar på same måte som dei brukar joller og andre småbåtar, og difor er det naturleg å behandle det likt.
- Les:
– Tragisk byråkratiseringsbehandling
Carl Jacob Johansen frå Arendal driv firmaet JetTrade som sel vannskutarar.
Han har markert seg som ein av landets mest profilerte forkjemparar for vannskuterkøyring, og reagerer på at ordninga blir utsett til neste sommar.
– Det heile ender opp igjen med ein tragisk byråkratiseringsbehandling der det skal trekkje ut i eitt år til. Nokon burde vere vaksne nok no til å avslutte galskapen, og seie at vi ikkje treng desse høyringsrundane.
Johansen håper på fortgang blant politikarane.
– Eg håpar at dette ikkje treng å ta eitt år før ein får ei fornuftig avgjerd, dette kan gjerast med eit pennestrøk i morgon.