NRK Meny
Normal

Redningsbilen er søkk borte

Bilen til Viking Redningstjeneste i Mandal vart stole natt til tysdag. Så langt er den sporslaust borte.

Stjålet Viking-bil

STOLEN: Denne redningsbilen forsvann natt til tysdag. Politiet har spor etter tjuvane.

Foto: Ronny Olsen, Mandal Bilservice

– Det er jo heilt utruleg. Kva kan dei bruke ein slik bil til, spør Egil Veamyhr.

– Bilen er jo så gjenkjenneleg. Så dette er veldig spesielt, seier han til NRK.no

Meld til politiet

Det var tysdag morgon at Veamyhr og kollegaene hans oppdaga at bilen var borte. Ifølgje Lindesnes Avis vart den sist brukt måndag kveld klokka 21.30.

I løpet av dagen er saka meld til politiet. I tillegg er bomstasjonar mellom Stavanger og Oslo kontakta.

– Dei kan ikkje sjå før i morgon om bilen har passert bommane, seier han.

Ikkje til Danmark

– Eg var også i kontakt med Color Line for å høyre om den kunne ha teke vegen mot Danmark, men dei stadfesta at den ikkje hadde vore ombord der, fortel han.

Ifølgje avisa har politiet «enkelte spor» å gå etter.

– Dette skapar trøbbel for oss. No har vi ein bil mindre, så eg berre håpar at den kjem til rette att, seier han.

Redningsbilen er fortsatt kjørbar. Da er det verre med bussen.

STOELN: Denne store redningsbilen vart stolen i Hordaland i februar.

Foto: Tor Andre Johannessen

For ein månad sidan vart ein redningsbil stolen i Hordaland. Denne bilen hadde ein buss hengande etter seg.

– Den hang for lavt, og det førte til at bussen slengte fram og tilbake i vegbana. På ferda klarte dei å rive med seg nokre autovern før bussen krasja inn i redningsbilen, sa operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt, Ole Geir Magnussen.