NRK Meny
Normal

Redda ut av brennande hus

Fleire personar skal ha blitt redda ut av eit hus som stod i brann i Froland.

Brann i Froland

Det tok fyr i eit hus i Froland søndag ettermiddag.

Foto: Erik Wiig Andersen/NRK

Politiet vart varsla om brannen, som førte til stor røykutvikling, klokka 11.16 søndag føremiddag.

Kort tid seinare melde politiet at alle bebuarane vart ute av huset. Ingen personar vart skada i brannen.

Tre brannbilar, politi og ambulanse på staden. Også røykdykkarar vart sende inn i huset.

Politiet melde klokka 12.25 at det er kontroll på brannen, og at brannvesenet driv ettersløkking.

NRK oppdaterer saka.

Fleire personar skal ha blitt redda ut av eit hus som stod i brann i Froland.

Sjå video frå brannen.