Hopp til innhold

Vil ha sterkare rettsvern: – Dette er ei grov sak

Handikapforbundet reagerer sterkt på saka om alvorleg sjuke Markus som kjenner seg innesperra i egen heim. No ønsker eit fleirtal av partia på Stortinget ei ny lov.

Ung mann med mørkt hår, briller og skjegg sitter i rullestol.

Markus Hagen Calado og familien har saksøkt Kristiansand kommune etter at tilbodet hans blei endra. MDG og Handikapforbundet reagerer på saka.

Foto: Espen Bierud

– Vi kan ikkje ha det slik i 2024 at vaksne blir innestengde mot si vilje berre fordi storsamfunnet ikkje stiller opp med nok pengar til assistanse, seier Suzanne Rødseth (MDG).

Ho er partiets nasjonale talsperson for personar med funksjonsnedsettingar.

Suzanne Rødseth

Suzanne Rødseth i Miljøpartiet dei Grøne (MDG) meiner det er essensielt at Markus Hagen Calado (21) får høve til å leve som ein normal gut i 20-åra.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Nyleg fortalde NRK om alvorleg sjuke Markus Hagen Calado (21) som har saksøkt Kristiansand kommune fordi han ikkje får assistanse til å gå ut av bustaden etter klokka 21 på kveldstid.

21-åringen har ein alvorleg muskelsjukdom som gjer at han er avhengig av pustehjelp, rullestol og folk rundt seg til ei kvar tid.

Markus Hagen Calado sammen med moren Mai-Lis Hagen.

Markus (21) føler boligen har blitt et fengsel

Dersom Markus Hagen Calado skal ut i følgje med tilsette frå den bemanna bustaden der han bur, har han no følgjande tilbod:

  • Tre dagar på dagtid kvar veke.
  • To kveldar i veka på 3–5 timar. Dette må avtalast 14 dagar på førehand og krev tilgjengeleg personell.
  • Aldri etter klokka 21.00 sidan nattevaktene ikkje kan gå ut av bustaden.

– Eg kjenner meg innesperra i min egen heim, seier Markus om tilbodet.

Les også Vil at unge lærer om endometriose - flere har intense menssmerter hver måned

Martine Halvorsen

– Grov sak

Noregs Handikapforbund reagerer sterkt på saka om Markus.

Forbundsleiar Tove Linnea Brandvik er glad for at Markus og familien hans vel å prøve saka i retten.

Tove Linnea Brandvik

Forbundsleiar Tove Linnea Brandvik i Noregs Handikapforbund meiner ein aktiv 21-åring som Markus må få vere fri til å bevege seg ut på kveldstid.

Foto: Henning Rønhovde / NRK

Så får vi håpe at rettssaka gir ei god avklaring, og at Markus får den fridomen som han skal ha.

Ho seier at kommunar ikkje kan legge opp retten til helseteneste ut frå kommuneøkonomien.

Retten til helsetenester skal vurderas individuelt. Det er ikkje noko kommunen kan avgrense ut ifrå kommuneøkonomien. Så dette er ei grov sak, seier Brandvik.

Vil ha ny lov

Noregs Handikapforbund ønsker at innhaldet FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne, CRPD, blir teken inn i norsk lov.

– Då får vi rettstryggleiken kring funksjonshemma i Noreg som ein ynskjer å ha, seier forbundsleiar Tove Linnea Brandvik.

Og då ville det vore lettare for Markus å sjølv velje kvar han vil bu?

Ja, for då vil det vére tydelegare føringar for dei som skal bruke rettsapparatet for å få oppfylt rettane sine i Noreg.

Får støtte

I 2022 sette regjeringa ned eit utval som skulle greie ut korleis konvensjonen skal innlemmast i norsk lov. Høyringsfristen i saka er 5. juni.

– Eg reknar med at resultatet av høyringsrunden blir inkorporering, seier Kari Henriksen (Ap) til NRK.

Dette er også forankra i Hurdalsplattforma.

– Personar med funksjonsnedsettingar har behov for eit sterkt og godt rettsleg vern, seier Ap-politikaren.

NRK har kontakta alle partia på Stortinget for å spørje kva dei meiner. Nesten alle seier dei vil inkorporere CRPD i norsk lov.

Les også Viser verden hvordan hun lever med ME

Anja står på en brygge og smiler mot sola. Bak henne er et vann, et fjell og skog. Hun ser glad ut.

Vil vente

Høgre vil ikkje ta stilling til saka før høyringsvara har komme inn, og regjeringa sender over saka til Stortinget.

Årsaka til at vi er kritiske til å inkorporere CRPD i menneskerettslova, er at det vil medføre at ein del av rettsutviklinga på området i Noreg flyttast til CRPD-komiteen i FN, seier Turid Kristensen (H).

Frp vil også vente med å konkludere i saka til alle høyringsvara er inne.

– Uforsvarleg

Suzanne Rødseth i MDG reagerer sterkt på saka om Markus.

MDG er eit av partia som meiner det er viktig å innlemme CRDP i lova.

Ho meiner det er heilt avgjerande at Markus får høve til å leve som ein normal gut i 20-åra.

Suzanne Rødseth i MDG.

Suzanne Rødseth, talsperson i MDG, er i kontakt med fleire med funksjonsnedsettingar som bur i bufellesskap mot si vilje.

Foto: Pernille Sommer

– Det er sjølvsagt heilt uforsvarleg å vere innestengd i den mest sosiale tida av livet, seier ho.

Les også Legesenter oppmodar pasientar til å bruke KI

Person spør ChatGPT på mobilen om svar på hva hun kan gjøre hvis hun har vondt i en fot.

Rødseth seier at det diverre ikkje er uvanleg at unge menneske med funksjonsnedsettingar bur i bufellesskap mot si vilje.

Ho fortel at dei gjerne har eit ønske om å bu i eigen bustad og få hjelp der, men får tilbod om plass i eit bufellesskap:

– Ein har gått meir vekk frå at folk skal bu på institusjonar. Bufellesskap skal gjere at folk lever meir sjølvstendig, men så endar det opp med at folk føler at dei ikkje kan styre sin eigen kvardag, slik Markus opplever.

Les også ME-syke Aurora (25) er tvunget til å bo på sykehjem

ME-syke Aurora ligger i sengen sin på sykehjemmet. Rommet er mørkt. Hun har bind foran øynene.

– Ikkje økonomisk berekraftig

Hans-Petter Breistein er einingsleiar for forvaltning og koordinering i Kristiansand kommune.

I ein e-post skriv han at helse- og omsorgstenestelovene skal sikre alle det mest naudsynte av helse- og omsorgshjelp i kvardagen.

Hans Petter Breistein, enhetsleder i Kristiansand kommune.

Einingsleiar Hans-Petter Breistein i Kristiansand kommune seier kommunen gjennomfører individuelle vurderingar og yter tenestene som er naudsynte for at brukarar skal få sikra grunnleggjande behov.

Foto: Kristiansand kommune

Han påpeikar at lova ikkje er til for å sikre innbyggarane sin rett til likestilling.

Viss vi gir ei gruppe av brukarar fleire teneste enn dei har rett til å få, gjer vi forskjell på brukarane våre. Då bryt vi prinsippet om likebehandling, og det er heller ikkje økonomisk berekraftig.

Hei!

Tenkte du på noe spesielt da du leste denne saken eller har du tips til noe annet jeg bør skrive om? 

Send meg gjerne en e-post! 

Jeg har blant annet skrevet saker om ensomhet, Glorija (24) som var i en tøff jentegjeng, hvordan du kan redde privatøkonomien og landets blideste bussjåfør.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Henry Østhassel er Trump-supporter og har bilde av Trump på bilen sin.

Norskamerikaner etter Trump-attentatet: – Han er en sterk leder

Pågrepet for drap i Porsgrunn

Dømt til forvaring for drapet på Oliver (22)

Død elg

Elgen i Noreg er sjuk – nå vil myndigheitene finne ut kvifor

null
Spiller nå
Mistenkt for tyveri 01:28
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,82 kr
Dyrest kl. 09 1,1 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %