– Det blir som å låne pengar til ein som ber om pengar til å kjøpe mat, så går han og kjøper seg ein indrefilet. Det er kanskje ikkje det du ventar. Du ventar vel litt meir nøkternhet, seier fungerande gruppeleiar i Kristiansand Frp Stian Storbukås til NRK.
Måndag ettermiddag skreiv Gunnar Pettersen under for Vipers Kristiansand. Pettersen har mellom anna tidlegare trent det norske herrelandslaget med suksess.
- Les også: Pettersen klar for Vipers
– Rimar dårleg
To års kontrakten vart skriven under få veker etter at eliteserieklubben fekk ettergitt ein halv million kroner i gjeld av Kristiansand kommune. Det var eit samrøystes kommunalutval som sa ja til å ettergi gjelda.
– Eg tykkjer det rimar litt dårleg. Kommunalutvalet ettergav gjeld for eit lag som angiveleg var i djup naud. Så ser vi dette. Det er mildt sagt ein merkeleg framgangsmåte, seier Storbukås.
Også gruppeleiar for Kristeleg Folkeparti Grete Kvelland Skaara stussar.
– Det er eit tankekors, seier ho.
– Strategien til kommunen har i alle år vore å leggje til rette i forhold til areal og anlegg for klubbar og idrettsorganisasjonar. Vi har gått lite inn i drifta, seier ho.
- Les også: Dette får Vipers i Pettersen
Betaler deler av løna
Dagleg leiar i Vipers Kristiansand Terje Marcussen avviser kritikken frå dei to bystyrepolitikarane. Han viser også til at klubben må betale dyrare leige av Aquarama mot at halvparten av gjelda vert sletta.
– Vi må ha ein trenar for neste sesong. No har vi fått to fluger i ein smekk og har fått ein god trenar og vi har fått bidrag frå mange. Vi har fått ei god avtale og Gunnar er særs motivert til å levere. Eg stiller gjerne i ein diskusjon med politikarane, men då må dei kjenne litt betre til heilskapen, seier han.
Ifølgje Vipers-sjefen skal klubben betale deler av løna til Pettersen. I tillegg dekker eksterne krefter deler av løna.
– Dei fleste politikarane er opptekne av å ikkje ta ut bruddstykker frå ei heilskap. Dei må kjenne heilskapen i denne saka, seier Marcussen.
Marcussen påpeikar også at klubben vil bli meir attraktiv på sponsormarknaden med Pettersen i trenarstolen.
– Politikarane skal ikkje vere redde for at vi ikkje klarer å betale rekningane våre, seier han.
- Les også: Her signerer enda ein Vipers-målvakt
Avgjerd onsdag
Marcussen seier at klubben har fått gode tilbakemeldingar etter at nyheita kom ut måndag.
– Bedrifter i nettverket vårt vil bidra fordi dei tykkjer det er ein utruleg spennande trenar. Kanskje den mest spennande trenaren i Norge, seier han.
Om klubben får ettergitt gjelda blir endeleg avgjort i bystyret onsdag. Både Kvelland Skaara og Storbukås trur vedtaket frå kommunalutvalet blir ståande.
– Eg reknar med at dei står ved vedtaket som vart fatta i kommunalutvalet, seier Kvelland Skaara.