Raudt kort, straffe og fem baklengsmål

Det meste gjekk imot Jerv i bortemøtet med Kongsvinger i 1. divisjon i fotball.

Glenn Andersen

Glenn Andersen og Jerv fekk bank mot Kongsvinger i 1. divisjon. Laget tapte til slutt 0–5. (Arkivfoto)

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Før ti minutt var spelt fekk sørlendingane den første smellen mot nyopprykka Kongsvinger. Adem Güven sende raudtrøyene i leiinga.

12 minutt seinare kom målscorar Güven aleine gjennom Jerv-forsvaret. Keeper Øyvind Knutsen feia angrepsspelaren ned. Dommaren henta fram det raude kortet og dømde straffe til heimelaget.

Mats Cato Moldskred sette straffa knallhardt i mål til 2–0.

Fem minutt før pause gjorde spanjolen Maikel Nieves Martin vondt verre for Grimstad-klubben då han sette inn 3-0-scoringa.

Berre tre minutt etter kvilen sette Ørjan Røyrane spikaren i kista då han la på til 4–0.

Kvarteret før slutt fastsette Ioannis Sotiroglou sluttresultatet til 5–0.

Det betyr at Jerv står med tre strake kampar utan siger. Laget har berre vunne ein av dei fire første seriekampane.

Laster innhold, vennligst vent..