NRK Meny
Normal

Rasar mot sjukehuskritikk frå ordføraren i Arendal

Styremedlem ved Sørlandet sykehus, Eyolf Bakke, reagerer kraftig på kritikken arendalsordførar Einar Halvorsen har komme med i etterkant av tarmkreftsaka.

Eyolf Bakke

Eyolf Bakke reagerer sterkt på kritikken frå Einar Halvorsen i tarmkreftsaka.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Det er ikkje første gang Einar Halvorsen har vore ute med storsleggja og vore mistruisk til leiinga ved Sørlandet sjukehus, seier Bakke til NRK.

Arendalsordføraren sa til Agderposten laurdag at han meiner at nokon er ute etter å skade sjukehuset i Arendal. Samstundes kritiserte han sjukehuset for ikkje å ha kvalitetssikra talet på kor mange pasientar som har blitt reoperert.

– Sårande

Einar Halvorsen

Einar Halvorsen

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Bakgrunnen for kritikken er at leiinga ved Sørlandet sykehus i januar vart kjent med at tre av ti pasientar som vart operert for tjukktarmskreft ved sjukehuset i Arendal i 2011 og deler av 2012 måtte opererast på nytt. Dette var seks gonger så mange som ved sjukehuset i Kristiansand.

Men etter ei intern gransking viste det seg at det no er betydeleg færre reoperasjonar enn først antatt.

– Leiinga og styret si oppgåve er å ha gode kvalitetstenester ved dei tre sjukehusa våre. At direktør Jan Roger Olsen og leiinga stadig skal bli mistenkeleggjort er sårande, seier Bakke.

Kvalitetssikring

Einar Halvorsen meiner at ein e-post som vart sendt ut frå sjukehuset 18. mars ikkje var kvalitetssikra.

– Det er oppgitt ulike tal på kor mange kreftpasientar som måtte reopererast. Ein opererte med tal som viste at ein av tre måtte inn til ny behandling, seier han.

– Det er dette eg kritiserer. At ein ikkje kvalitetssikra tala før ein gjekk ut med desse til pressa. I ettertid viser seg gjennom undersøkingar, som sjeflegen har gjort, at det ikkje er ein kreftskandale ved sjukehuset i Arendal. Det er det eg kritiserer, seier Halvorsen.

Etter granskinga viste det seg at sjukehuset i Arendal måtte reoperere 19,6 prosent av pasientane og ikkje 33 prosent.

– Vil ikkje sverte sjukehuset

– Eg er ikkje ute etter å sverte sjukehuset. Eg ynskjer som alle andre å ha høg kvalitet på tenestene sjukehuset tilbyr, seier Halvorsen.

– Det er uttrykket kreftskandalen eg er ute etter å avlive. Når ein går ut med så sterke formuleringar som dette, bør ein ha underbygd tala ein opererte med. Dette har skapt ei frykt i befolkninga, blant pasientar og pasientar som er kreftopererte i Arendal, seier ordføraren.

Eyolf Bakke meiner at Halvorsen bør trekkje kritikken tilbake.

– Absolutt. Eg tykkjer det er så utidig og urimeleg når han nedvurderer leiinga sine intensjonar bak denne saka. Her var det uvisse. Folk hadde store komplikasjonar og mindre komplikasjonar. Vi må stoppe dette, kvalitetssikre og sjå om det er systemfeil eller om det er andre feil som må rettast på, seier han.