Hopp til innhold

Rasa mot dommarane etter handballdrama

ØIF Arendal-spelarane var rasande på dommarane etter å ha tapt den andre finalekampen i sluttspelet i handball.

Sondre Paulsen sint

FORBANNET (VIDEO): Arendals Sondre Paulsen løp rett bort til dommerne etter kampen og skrek ut sin frustrasjon etter tapet i ekstraomgangene mot Elverum. (Foto: Geir Ingar Egeland/Sander Heggheim)

– Eg meiner det er soleklar straffe. Men eg trur ikkje eg skal seie så mykje akkurat no rett etter kampen. Dette var frykteleg surt, seier ØIF-spelar Sondre Paulsen til NRK.

Med siger ville arendalittane sikre sluttspelgullet og plass i Meisterligaen, etter at dei vann den første finalekampen på bortebane.

Sinte ØIF-spillere

ØIF Arendal-spelarane var rasande på dommarane etter å ha tapt den andre finalekampen i sluttspelet i handball.

Foto: Sander HEggheim / NRK

Starta bra for heimelaget

Det starta bra for heimelaget, som leia 14-10 til pause. Men Elverum slo tilbake og utlikna midtvegs i omgangen. Kampen enda til slutt 25-25. Dermed vart det ekstraomgangar.

Her var det Elverum som til slutt trekte det lengste strået og vann 30-29. Men i kampens siste sekund vart ØIF-spelar August Baskår Pedersen lagt i bakken.

Dommarane vinka spelet vidare. Mange ØIF-spelarar storma mot dommarane og viste tydeleg kva dei meinte om avgjerda. Det gjorde også 2500 tilskodarar som viste stor misnøye med dommaravgjerda.

- Det er lov til å reagere, men dette var ikkje heilt bra, seier ØIF-trenar Marinko Kurtovic.

Sør Amfi, ØIF Arendal

Et fullsatt Sør Amfi så ØIF Arendal sikre sluttspillgullet torsdag. 2500 tilskuere så kampen.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

– Elverum favorittar

Kutrtivoc meinar Elverum no er favorittar før den siste og avgjerande kampen til helga.

- Elverum har vore favorittar heile tida. Men det kjem til å bli jamnt. Garantert, seier han.

- Det er heilt ope. Dette kjem til å bli jamnt, seier Elverum-trenar Mikael Apelgren.

Josip Vidovic, ØIF Arendal

Josip Vidovic setter inn en av scoringene i finalen mot Elverum.

Foto: Geir Ingar Egeland/NRK
Sondre Paulsen etter kampen

Sondre Paulsen etter kampen

Vidovic etter kampen

NRK Sørlandet
Spiller nå
Gaute Heivoll aktuell med ny diktsamling 00:42
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,57 kr
Dyrest kl. 19 0,62 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 2,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Aug 2022 – aug 2023
    + 9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2023
    + 5,5 %