Politiet vil tirsdag vurdere om ein 19-åring skal framstillast for varetektsfengsling etter ranet av ein Narvesen-kiosk i Vennesla.
Måndag ettermiddag melde han seg for politiet, etter at lensmannen i Vennesla har leita etter mannen i fleire dagar.
– I løpet av helga har vi fått konkrete tips om kvar mannen befann seg, men han har klart å komme seg unna, seier lensmann i Vennesla, Arne Sundvoll til NRK.no.
Sundvoll seier 19-åringen har tilstått ranet av Narvesen-kiosken.
LES OGSÅ: Væpna ran i Vennesla
Ein til sikta
Ein annan ung mann er sikta for medvirkning til ranet, men han er sluppe løs.
Det var førre fredag at kiosken vart utsett for eit væpna ran i Vennesla.
– Han var iført mørk hettegensar med lys skrift på brystet, mørke bukser og mørke sko med noko kvitt på, har Sundvoll tidlegare sagt.
Politiet seier 19-åringen berre fikk med seg eit mindre pengebeløp.
Politiet har tidlegare hatt telefonkontakt med mannen.