Rana og truga mann
To personar er arresterte etter å ha rana og truga ein mann med eit skytevåpen i Kristiansand sentrum natt til søndag. Det skriv Fædrelandsvennen. Dei to er 17 og 18 år gamle. 17-åringen nektar straffeskuld. 18-åringen skal avhøyrast onsdag.