NRK Meny
Normal

Rå snuoperasjon i trenardebuten til Lunde

Kristine Lunde Borgersen såg ut til å få ein blytung start på trenarkarrieren. Så snudde det brått i den første av to kvartfinalar i europacupen.

Gå til forsiden

Vipers - RK Krim Mercator

Vipers - Krim

Vipers - RK Krim Mercator

13 bilder

    – Dette smakar supergodt. Vi spelar bra. Forsvaret vi gjer gjennom nesten heile kampen er strålande, seier Lunde Borgersen til NRK.

    Katrine Lunde Borgersen og Peder Langfeldt

    Kristine Lunde Borgersen på benken i Aquarama.

    Foto: Anne Wirsching/NRK

    På kort varsel måtte assistenttrenar Lunde Borgersen steppe inn for Gunnar Pettersen som er sjukmeld på ubestemt tid.

    – Det var litt annleis å vere trenar. Mykje å tenke på, oppsummerer ho.

    – Fekk du tid til å bli nervøs?

    – Nei, eg vart meir stressa enn nervøs, seier den tidlegare landslagsstjerna.

    Tung start

    18 minutt ut i oppgjeret låg Lunde Borgersen og Vipers under 6–12 mot den tidlegare storklubben Krim Ljubljana frå Slovenia.

    Krim Ljubljana, som spelte Meisterliga-finale seinast i 2006, gjorde akkurat som dei ville og såg ut til å få ein lett veg til semifinalen.

    Kantspelar Vilde Jonassen, som er i landslagsdiskusjon etter ein kjempesesong, bomma på absolutt alt. Det same gjorde Karin Weigelt frå den andre kanten.

    – Vi måtte rokere litt. Alle visste kva dei skulle gjere, seier Lunde Borgersen.

    Kristine Lunde Borgersen, Vipers Kristiansand

    VIDEO: Sjå intervju med Kristine Lunde Borgersen etter kampen mot Krim Ljubljana.

    19-åring sette standarden

    Når strekspelar Mathilde Kristensen heller ikkje fekk ballen i mål måtte Lunde gjere endringar frå sidelinja.

    Jonassen vart plassert på benken. Inn kom Hanne Andve (19) og verdsmeister Marta Tomac som umiddelbart tok vare på sjansen.

    Andve gjekk respektlaust til verks og scora to på rappen.

    Eg tenkte at eg måtte ta vare på sjansen. Det var litt tøft å komme innpå når du ser at alle andre bommar, men eg måtte gjere så godt eg kunne, seier Andve.

    – Korleis er det å lukkast mot eit lag som Krim?

    – Det er utruleg stort. Eg veit ikkje om vi hadde trudd det skulle gå så bra. Ikkje berre slår vi dei, men vi spelar utruleg bra, seier Andve.

    Litt etter litt kjempa Vipers seg tilbake i kampen. Karin Weigelt sørga for uavgjort 15–15 fem sekund før pause.

    Sjå intervju med Hanne Andve etter sigeren mot Krim Ljubljana.

    VIDEO: Sjå intervju med Hanne Andve etter sigeren mot Krim.

    Kjempa seg tilbake

    I andre omgang herja Vipers med gjestene frå Slovenia. Karin Weigelt dunka inn fem mål frå høgrekanten og Vipers leia plutseleg med seks mål.

    Då såg det ut til at Vipers skulle få eit særs godt utgangspunkt før returmøtet i Slovenia om ei veke.

    Men Krim jobba seg inn igjen i kampen og var berre plutseleg berre to mål bak. Vipers vann til slutt 29–27.

    – Vi må gå for å vinne igjen. To mål er ingenting, seier Lunde Borgersen.

    – Vipers har eit ungt lag som spelar raskt. Kampen er open for begge lag. Det blir ein god kamp i Ljubljana, seier Krim-trenar Uros Bregar.

    Returkampen går i Ljubljana 27. februar.

    Intervju med Marta Tomac etter sigeren mot Krim på heimebane.

    VIDEO: Sjå intervju med Marta Tomac etter sigeren mot Krim.

    Sjå intervju med Krim-trenar Uros Bregar.

    Sjå intervju med Krim-trenar Uros Bregar etter tapet i Kristiansand.