Publikum svikter Start

Nesten 1000 personer færre enn budsjettert har dukka opp på kvar heimekamp på Sør Arena hittil i år.

Sør Arena

SLITER: Start klarer ikke å fylle Sør Arena. Så langt i år har nesten 1000 personer færre enn budsjettert dukket opp på hver hjemmekamp på Sør Arena.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

– Det er dårlegare enn vi hadde venta, men det må vi forholde oss til, seier administerande direktør, Sveinung Hovstad, i Start Toppfotball til NRK.

Start budsjetterte med 9000 tilskodarar på kvar heimekamp denne sesongen - snittet etter dei seks første er på 8100.

TV-kampar

– Noko av forklaring kan liggje på TV-kampar. Vi får noko kompensert på TV-kampane, men ikkje fullt ut det vi tapar på manglande oppmøte, seier Hovstad.

Publikumssvikten merkast i klubbkasa. Klubben har tapt rundt 1 million kroner i billettinntekter hittil i år. Før sesongen sette klubben ned prisane - utan at det har hjulpe særleg på oppmøtet.

– Pris betyr ikkje alt

– Det er vel eigentleg ein dokumentasjon på at pris nødvendigvis ikkje betyr alt. Det er slik at når vi set ned prisen hadde vi venta at publikumstalet gjekk den andre vegen, seier han.

Sportsleg går det heller ikkje bra for Start for tida. I helga gjekk laget på sitt tredje strake tap då Tromsø scora kampens einaste mål då 14 sekund stod att av tilleggstida.