Aldri før har det vore færre tilskodarar på den første heimekampen til Start på Sør Arena.
Då Start møtte Lillestrøm i går kveld var det kun 3623 personar som hadde teke turen for å få med seg at eliteseriesesongen blei sparka i gang på Sparebanken Sør Arena.
Arenaen har ein kapasitet til å romme rundt 14 000 tilskodarar.
– Vi merka at det var glissent i går, ja, seier Start-kaptein Rolf Daniel Vikstøl til NRK.
Kapteinen hadde nok håpa på flere tilskodarar då Start spelte uavgjort mot Lillestrøm.
– Vi ønskjer sjølvsagt at flest mogleg folk skal kome på kamp. Viss vi presterar på eit høgt nivå så vil folk kome, så det er eigentleg opp til oss, seier han.
– Håpar det kjem fleire
Tilskodartalet frå søndag er nedslåande. Dei siste ti åra har det aldri vore under 4000 tilskodarar på første heimekamp.
Tala inkluderer sesongane i 1. divisjon.
Trenar Steinar Pedersen seier det er viktig at folk møter opp.
– Eg håpar folk på Sørlandet forstår viktigheita av det å ha folk på tribuna. Det gir spelarane og klubben ein ekstra boost, kvar einaste mann som kjem ekstra er eit pluss. Eg håpar mange kjem neste gang, seier han.
Trur på fleire tilskodarar neste kamp
Tidleg sesongstart, TV-sendt kamp og sein kampstart på ein søndag kveld meiner Start-kapteinen kan vere nokre av årsakene til det lave oppmøtet.
No håpar han fleire tek turen på neste heimekamp mot Viking.
– Så lenge vi presterar og spelar underhaldande fotball, så vil folk kome. Så vi håper det kjem fleire neste heimekamp mot Viking, og det trur eg at det gjer.