Episoden skjedde på ein utestad i Tvedestrand 20. mai i år.
19-åringen møtte ein gammal klassekamerat på utestaden. Mannen var rusa og det oppstod amper stemning mellom dei. Offeret tok tak i den eine tommelen til 19-åringen, som fekk vondt. Det viste seg nemleg at mannen hadde forstua fingeren.
Dei to skilde lag, men møttest igjen utanfor utestaden då den stengde for kvelden. Utan forvarsel slo 19-åringen til den gamle klassekameraten i ansiktet.
Slaget førte til av to tenner vart slegne inn i munnen og delvis ut av kjevekammen, skriv Aust-Agder tingrett i dommen.
Mannen er tidlegare domfelt tre gonger. I tillegg er han bøtelagd ei rekkje gonger.
19-åringen vart i tingretten dømd til 120 dagars fengsel og han må betale 7500 kroner i oppreising til offeret.