NRK Meny
Normal

Prøvde å setje fyr på skule

Brannvesenet måtte rykkje ut då nokon prøvde å setje fyr på den gamle barneskulen i Grimstad måndag kveld.

Brannvesenet måtte sløkkje ein brann i ein søppeldunk ved skulen.

I tillegg oppdaga dei også eit bord som stod inntil veggen, som var forsøkt påtent.

– Saka vil bli etterforska vidare, seier operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Børge Steinsland til NRK.no.