Hopp til innhold

Prøvar å stoppe utsending av iransk familie

Frp-politikarane Christian Tybring-Gjedde og Åse Michaelsen prøvar no å stoppe utsending av ein iransk familie frå Farsund. Flyet deira skal etter planen gå klokka 13. Politikarane vil få justisminister Anders Anundsen til å vurdere på saka.

Michaelsen Tybring-Gjedde

Åse Michaelsen og Christian Tybring-Gjedde har engasjert seg i saka til den iranske familien.

Foto: Montasje / NRK

– Slik eg forstår det er dette ein familie som har konvertert frå Islam til Kristendom og som er positive bidragsytarar i sitt lokalmiljø. Dette er menneske Norge treng og eg forstår ikkje kvifor dei skal sendast ut av landet, seier Christian Tybring-Gjedde til NRK.

Familien gjekk om bord på flyet klokka 12.30. Det er førebels ikkje klart om familien var i flyet då det tok av frå Gardermoen klokka 13.

Familien Hekmatara på fire kom til Norge frå Iran i 2009. Dei ha konvertert til kristendom og har vore særs aktive i det kristne miljøet. Støttespelarane til familien meiner at dei er utsett for saksbehandlingsfeil.

Henta av politiet i natt

Natt til onsdag vart dei henta av politiet etter at dei har fått avslag asylsøknaden sin. Dei skal etter planen sendast ut av landet i dag klokka 13.

Familien fryktar at dei skal bli drepne dersom dei blir sende til heimlandet. På grunn av at dei har konvertert og drive evangelisering vert dei nemleg sett på som samfunnsfientlege i Iran.

– Vi må sjå om denne saka er behandla riktig, og om vi har fått all kunnskap fram, seier Åse Michaelsen.

Dei to politikarane jobbar no med å kontakte departementet og justisminister Anders Anundsen for å stoppe utsending.

Fryktar å bli drepen

Det kristne miljøet i Farsund har engasjert seg sterkt i saka til familien. Dei har jobba i heile dag for å få stoppa utsending, slik at saka kan vurderast på nytt.

Pastor i pinsekyrkjelyden, Jan Hoholm, seier at mannen i familien fryktar at han vert drepen dersom han og familien vert send tilbake til Iran.

– Han seier at han er budd på å gå i døden. Det er veldig tøft å høyre noko slikt, men han er innforstått med at det kan skje, seier pastor i pinsekyrkjelyden, Jan Hoholm til NRK.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %