Fleire spelarar i Start protesterer no mot at det skal leggast kunstgras på Kristiansand sitt nye stadion.
Både Fredrik Strømstad, Atle Roar Håland, Lars Martin Engedal og Bård Borgersen truer i følge Fædrelandsvennen med å slutte i klubben om det ikkje vert lagt naturgras.
Dei er redd for skader, og at det vert meir vanskeleg å få spelarar til klubben.
Ordførar Jan Oddvar Skisland står på at det skal vere kunstgras på stadion.