Hopp til innhold

Rockefestival pressa til MC-motstand

Norway Rock Festival i Kvinesdal er den første norske musikkfestivalen som tek avstand frå kriminelle MC-klubbar. Festivalen føler seg pressa til å gå imot sitt eige publikum fordi dei fryktar å miste 1 million sponsorkroner.

Norway Rock Festival

STØTTAR OPP: Norway Rock Festival støttar norske kommunar i kampen mot kriminelle MC-klubbar.

Foto: Norway Rock Festival

Video - Hells Angels er ikke ønsket her

UØNSKT: Fleire Norske kommunar har erklært kriminelle MC-klubbar uønskt. (Arkivfoto)

Foto: Nyhetsspiller

Odd Omland

Odd Omland

Foto: Svein Sundsdal
– Vi har ikkje teke initiativ til dette, men kommunen stiller krav til at samarbeidspartnaren stiller opp og støttar kommunen i denne kampen, seier presseansvarleg i festivalen, Åse Gjelsten Versland til NRK.no.

– Konsekvensane er at Norway Rock rettar seg etter dei føringane som ligg i vedtaket gitt av Kvinesdal i dag, og elles føringane vi får frå politiet, seier ho.

Får økonomisk støtte

MC-publikummet har utgjort ein stor del av Norway Rock Festival. Blant anna har det vore ein eigen MC-camp på festivalen - utan at det har vore noko særleg bråk. Rockefestivalen gjer det samstundes klart at det er uaktuelt å nekte kriminelle MC-klubbar adgang til festivalområdet.

– Vi vil ikkje diskriminere, seier Sveinung Egeland som er styreleiar i festivalen.

NRK.no kjenner til at festivalen fryktar å miste ein halv million kroner i støtte frå kommunen, dersom dei ikkje rettar seg etter kommunen sitt krav. I tillegg risikerer dei å miste 200 000 kroner i støtte frå Norsk Kulturråd, og pengar frå Vest-Agder Fylkeskommune. Totalt skal det vere snakk om ein million kroner.

– Kvinesdal kommune ynskjer å førebyggje denne form for kriminalitet sett i lys av den tiltakande oppblomstring desse miljøa har fått i våre nærområde, sa ordførar Odd Omland.

Avhengig av støtte

Korleis kravet frå kommunen skal bli handheva under festivalen er framleis uklart, men skal drøftast.

– No skal vi i dialog med festivalen. Så skal vi sjå korleis vi skal gjere dette, seier Omland.

– Vi har ikkje teke initiativ til dette, men kommunen stiller krav til at samarbeidspartneren stiller opp og støttar kommunen i denne kampen. Vi er avhengige av våre økonomiske støttespelarar. Det er fakta for oss, for å kunne klare å levere ein festival, seier Versland

Iførre veke tok Kvinesdal, saman med andre norske kommunar, opp kampen mot at kriminelle MC-klubbar skal få etablere seg. I januar ba KS norske kommunar om å erklære kriminelle MC-miljø uønskt i kommunane. Etter det har fleire kommunar komme på bana, og gjort nettopp det.

Festivalen går mellom 7. og 10. juli. i Kvinesdal.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %