Hopp til innhold

Pressa til kriminelle handlingar

Personar med pokergjeld vert pressa til å begå nye kriminelle handlingar.

Poker

POKERGJELD: Ifølgje politiet fins det fleire pokerkaféar i Kristiansand. Personar som vert påført tap her, blir pressa til kriminalitet, hevdar politiet. (Illustrasjonsfoto)

Foto: BERTRAND LANGLOIS / AFP

Leif Vagle

Leif Vagle

Foto: Liv Eva Kirkesæther / NRK

– Det dreiar seg om alt frå sal av narkotika til andre kriminelle handlingar, seier avsnittsleiar for organisert kriminalitet i Agder politidistrikt, Leif Vagle til NRK.no.

Tysdag skreiv NRK.no om Tollvesenet i Kristiansand som hadde beslaglagt 40 kortstokkar og kontaktlinser. Korta er laga slik at pokerspelarane kan sjå motstandarane sine kort ved å ha på seg linsene. Ifølgje Tollvesenet var korta tenkt brukt fleire stader i Norge.

Veit om pokerkaféar

– Kortstokkane ser normale ut. Du kan ikkje sjå at dei er manipulert, men vi valde å ta ein nærare titt på dei, sa kontorsjef Helge Breilid ved Kristiansand tollregion om korta.

No hevdar politiet at dei veit om fleire kaféar i Kristiansand der ulovleg gambling er ein del av tilbodet.

– Det er eine og aleiene forsamlingslokale for folk. Det er i fleire av dei utanlandske miljøa at dette førekjem, seier Vagle.

Det skal vere personane som driv kaféane som tvingar pokerspelarar i gjeld til å gjere kriminelle handlingar. Trass i at politiet hevdar at dei veit om slike gamblingkafèar, går dei skjeldan til aksjon.

Pokerutstyr til juks

JUKSEKORT: Tollvesenet i Kristiansand har beslaglagt juksekort som var tenkt brukt fleire stader i Norge.

Foto: Øivind Eskedal / NRK

I det skjulte

– Kaféane er jo opne for offentlegheita, så det er greit å gå inn. Men desse spela skjer ikkje med pengane på bordet synleg. Dei er til ein viss grad litt i det skjulte. Difor kan det vere problematisk å avsløre dei, og det krev ein del ressursar, seier han.

Ifølgje Vagle er det skjeldan personar med titusenar i pokergjeld kjem til politiet, sjølv om dei vert truga til kriminelle handlingar.

Video Poker i Lofoten

POKER: Politiet hevdar at dei kejnner til fleire pokerkaféar i Kristiansand. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Nyhetsspiller

Avsnittsleiaren hugsar sjølv eitt døme frå fleire år tilbake der ein kaféeigar, som organiserte gambling, også vart dømd for å ha pressa andre til kriminelle handlingar.

Ressursar

– Det er eit faktum at det er personar som sjølv, frivilleg, utset seg for det. Vi må prøve å unngå at dei kjem i den situasjonen. Det krev kanskje noko meir uro frå politiet si side, seier han.

Vagle vedgår at slike saker til sjuande og sist ikkje vert prioritert.

– Det er mykje kriminalitet som føregår i byen vår, som vi gjerne skulle ha stoppa. Vi må erkjenne at vi må prioritere det viktigaste først, seier Vagle.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %