– Dette skal posisjonere Kristiansand som eit reisemål. Vi har valt eit viktig fokus som vi veit vi er sterke på allereie, seier Trond Backer som er marknadsstrateg i Backer og Bang til NRK.
Firmaet har vore med på å utarbeide det nye slagordet.
– Vi har masse bevisførsel på det. Vi trur at barnas by er relevant ikkje berre for reiselivet, men for anna næring, akademia og alt som rører seg, seier han.
Vil ha utvikling
Han viser mellom anna til at Kristiansand allereie vert sett på som ein feriedestinasjon med Dyreparken i spissen.
– Samstundes opplever vi det som ein ledig posisjon. Det er ingen andre byar i landet som kan seie at dei er barnas by like sterkt som Kristiansand kan seie. Det er ingen som kan profilere seg på same måte, meiner han.
Backer viser til at Tromsø profilerer seg som nordlysbyen, medan Bergen marknadsfører seg som ein kulturby.
– Vi må først og fremst byggje vidare på bevisa. Vi må vidareutvikle, produktutvikle og snakke med kommunane dette er relevant for. Dette gjeld jo heile kristiansandsregionen, seier han.
(Artikkelen held fram under videoen)
– Dette er vi verdsleiande på
Heidi Sørvig som er dagleg leiar i reiselivsorganisasjonen Visit Sørlandet meiner det var viktig å finne eitt spesielt område for å marknadsføre Kristiansand.
– Vi kan ikkje vere noko for alle, for då når vi ikkje fram i marknaden. Vi treng å seie ein ting, dette er vi best på, dette er vi verdsleiande på, om vi kan bruke eit litt flåsete uttrykk, seier Sørvig til NRK.
– Kva skal de bruke dette til?
– Vi skal bruke det til å posisjonere og marknadsføre Kristiansand som reisemål. Det blir ein retningsgjevar til framtidig produktutvikling både når det gjeld infrastruktur, men og bedrifter som skal etablere seg og allereie er etablert, seier ho.
– Det er ei nyttig retningslinje for kva som bør vere førande i produktutviklinga, seier Sørvig.
Budd på reaksjonar
Ho påpeikar at dei er budde på å få negative tilbakemeldingar på at dei landa på «barnas by».
– Så langt har tilbakemeldingane vore gode. Men kvar gang ein vel å gå ei retning eller ein posisjon, så er det alltid slik at noko vert valt bort. Då vil det kanskje vere nokon som kjenner at dei fall utanfor eller ikkje kjende seg heilt att, seier Sørvig.