Hopp til innhold

PR-mann blir rådmann i Grimstad

Kommunikasjonsrådgjevar Halvard Aglen i Dale+Bang innstilt som ny rådmann i Grimstad.

Halvard Aglen

Halvard Aglen blir ny rådmann i Grimstad.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Kommunikasjon er viktig i alle leiarstillingar, men det er hans lange leiarerfaring innan offentleg sektor som vart vektlagt, seier ordførar i Grimstad, Hans Antonsen, til Agderposten.

Fleire års leiarerfaring

Aglen blir dermed den andre kommunetoppen i Grimstad som har bakgrunn frå kommunikasjonsbransjen. Ordføraren kom sjølv får PR-byrået Ordkraft før han vart ordførar i 2007.

Ifølgje avisa har Aglen leiarerfaring frå fleire kommunar i Aust-Agder, deriblant personalkonsulent, helse- og sosialsjef, organisasjonssjef i Vennesla, Bydelssjef i Kristiansand og sju års erfaring som rådmann i Lillesand.

– Fantastisk

– Det var ein fantastisk telefon å få. Eg har vore veldig spent fordi det var veldig mange gode søkjarar, seier Aglen til Agderposten.

– Grimstad er ein interessant kommune å bli rådmann i, spesielt på grunn av det nye universitetet og den nye motorvegensom gjer dei fleste avstandar korte, seier han.

Utfordringar

– Ei spesiell utfordring trur eg blir å starte arbeidet med økonomien. Ein må ta nokre tydelege grep på enkelte område som eg ikkje er heilt sikker på kva er i dag, seier Aglen til avisa.

Ordførar Antonsen seier det var fleire sterke kandidatar til å ta over som rådmann i kommunen.

– Det var mange sterke kandidatar. Men med den bakgrunn Aglen har, er han veldig riktig rådmann for Grimstad i den situasjonen vi er i no, seier Antonsen.

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %