NRK Meny
Normal

Populær dyrehage i Gjerstad

Stor interesse for Den Lille Dyrehage på Brokelandsheia.

Video nsps_upload_2009_7_31_17_37_43_1524.png

– Kva einaste dag frå kvart over ti renn det eigentleg folk inn, og det er veldig bra. Folk kjem igjen og igjen, så det tyder jo på at dei likar seg her, seier gründer Nils Harald Reiersen til NRK Sørlandet.

12 000 betalande

På berre fem veker sidan opninga har meir enn 12 000 betalt for å sjå på dyra. Det er meir enn dei hadde håpa på.

– Det har blitt veldig bra. Mykje folk, og det er heilt topp. Vi har drive på i over seks år på å få det til. Vi hadde trua, men vi ser at det går betre enn ein hadde trudd på førehand, så det er veldig kjekt, seier gründer Terje Jensen.

I gang med utbyggjing

No er det ikkje sikkert Den Lille Dyrehage blir liten så lenge.

– Allereie til neste år trur eg vi er større, seier Jensen om utbyggjinga som er i gang.

– Det blir fleire dyr, meir for barna, og meir for dei vaksne, seier han.