Politikarar kallar statsråd for ei «høne»

Bystyrerepresentant i Arendal, Tove Skyttemyr (Ap), kallar helseministeren for ei «høne» på Facebook etter at AMK-sentralen vert flytta frå Arendal til Lillesand.

Helseministeren er ei høne

«EI HØNE»: Ap-politikarane Benedikte Nilsen og Tove Skyttemyr kallar helseministeren for ei høne, etter at AMK-sentralen vart flytta frå Arendal til Lillesand.

Foto: Faksimile Facebook

«Er fly forbanna på sykehusstyret... de kødder med oss austegder».

Det skreiv Ap-politikar Benedikte Nilsen på Facebook i går. Nilsen var frustrert over vedtaket om at AMK-sentralen vert flytta frå Arendal til Lillesand.

«Skal be om et møte med høna»

Nilsen har over 1500 vener på Facebook - i tillegg er profilen open slik at alle kan lese det ho legg ut. Berre eit kvarter etter at ho la ut den første meldinga får ho respons frå bystyrerepresentant Tove Skyttemyr.

LES OGSÅ: Politikerne kan få Facebook-trøbbel
LES OGSÅ: Kraftig ut mot Viggo Kristiansen på Facebook
LES OGSÅ: Chatta om sokkesig under fylkestinget

«Heilt enig m du!!!!!!Kan vi snart få kasta de allesammen???Inkompetente mennesker»

Deretter spør Nilsen om det er mogleg å lage noko «rabalder». Det er då Skyttemyr skriv følgjande: «er igang med et brev allerede, skal be om et møte med høna».

I eit intervju med Agderposten tykkjer Skyttemyr at det er legitimt å kalle helseministeren for «høne».

– No må høna komme til Sørlandet

– Det er heilt greit. Ho er den øvste leiaren i Helse-Noreg, og oppfører seg særs kritikkverdig når ho tappar sjukehuset vårt bit for bit. Eg har lenge etterlyst eit møte med helseministeren. No må høna komme frå Oslo til Sørlandet for å forklare all støyen. Vi har grunn til å vere kjemperedde for å miste sjukehuset vårt, seier Skyttemyr til avisa.

Også partifelle Benedikte Nilsen er krass mot helseministeren.

– Helseministeren er ei dårleg høne som tullar med liva våre. Når vi kallar henne høne, legg ho kanskje merke til frustrasjonen vår, og rettar nasa mot Sørlandet, seier Nilsen.

Dei ho hevdar dei er bevisste på bruken av Facebook, og seier dei er klar over at innhaldet kan lesast av alle.

Er bevisst

– Eg er folkevald i Arendal by, og meiner det er viktig at veljarar og andre veit kva eg meiner og føler om ulike saker. Facebook er ein flott arena for å få tilbakemeldingar frå folk. Eg står inne for alt eg har skrive, seier Nilsen til avisa.

– Facebook er eit offentleg medium. Det viktigaste er å vere bevisst på kva ein skriv, seier Skyttemyr.

Ordførar i Arendal, Torill Rolstad Larsen (Ap), har ikkje sans for ordbruken til dei to politikarane.

Ordføraren reagerer

– Dei er sikkert like frustrerte og sinte som meg etter avgjerda om å flytte AMK-sentralen. Men ein må vere merksam på språkbruk når ein uttalar seg i eit offentleg forum, seier ho.

No varslar ordføraren at ho vil ta saka opp på neste bystyremøte.

– Eg vil snakke om retningsliner når det gjeld bruk av sosiale medier. Eg skal ha møte med helseministeren om kort tid, og håpar ikkje ho får med seg at ein bystyrerepresentant i Arendal kallar henner for ei høne. Dette gjeld ein pågåande politisk prosess, seier Rolstad Larsen.