Hopp til innhold

Politikar sikta for grov korrupsjon

Høgre-politikar Endre Tollefsrud frå Søgne er sikta for grov korrupsjon. Han skal blant anna ha pressa ein leverandør til å betale for bjørnejakt i Canada.

37-åringen sit i kommunestyret i Søgne. I tillegg er han eigar og dagleg leiar i konsernet Max Marketing Gruppen som har til saman 250 tilsette.

Mellom 2003 og 2006 skal Tollefsrud blant anna ha fått utbetalt 27 000 kroner til bjørnejakt frå Dialogpartner. I tillegg skal han ha fått Dialogpartner til å betale 10 000 kroner i månaden til kona hans utan at ho jobba.

– Forferdeleg historie

– Dette er ei sak som stammar frå 2003, og den har vore ei forferdeleg historie som har hengt over oss og som eg tek på djupast alvor. Eg har sjølvsagt verken pressa nokon eller forlangt noko som helst, skriv Tollefsrud i ein e-post til Dagens Næringsliv.

– Eg har kun snakka med politiet ein gang i 2009, difor var eg særs overraska over då Dagens Næringsliv plutseleg opplyste meg om at saka framleis vert etterforska. Eg har holdt styret og leiinga i selskapet løpande orientert og vore heilt open om denne saka, skriv han.

– Når det gjeld mitt politiske verv ga eg i fjor haust beskjed om at eg ikkje ønskte å ta attval, skriv han til avisa.

Fire sikta

Ifølgje Agder-politiet er totalt fire personar sikta for grov korrupsjon. Ifølgje avisa skal blant andre kona hans og eigarane av Dialogpartner Norge vere blant dei sikta.

– Eg kan stafeste at vi har fått opplysningar frå personar som sjølv er sikta. Kjerna i saka er at det er sett fram krav til underleverandørar knytt til fiktiv tilsettjing og feriereise. I tillegg kjem trygdemisbruk, seier leiar for økonomiavsnittet i Agder-politiet, John Repstad.

Trygdemisbruket skal vere i samband med kona til Tollefsrud fekk i samband med det politiet meiner er ei fiktiv tilsettjing.

– Totalt snakkar vi om beløp på vel 200 000 kroner, men saka er framleis under etterforsking, og det kan gå litt tid før det eventuelt kan bli teke ut tiltale, seier Repstad.

Brukte ikkje advokat

Ifølgje avisa skal Endre Tollefsrud ha vore i avhøyr med politiet, der han ikkje ville bruke advokat. Han skal heller ikkje ha erkjent straffeskuld for nokon av forholda.

Morten Th. Ødegaard som er medeigar i Dialogpartner Norge, betalte både for bjørnejakt og lønna til kona til Tollefsrud.

– Ho sette aldri beina sine på vårt kontor, og gjorde aldri nokon jobb for oss, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %