Hopp til innhold

Politikar dømd for bortføring av si eiga dotter

Ein lokalpolitikar i Aust-Agder er dømd til 120 dagars betinga fengsel for å ha bortført dottera si og sett ho i ei heimelaga celle.

I denne cellen ble kvinnen holdt fanget

I denne cella vart kvinna halde fanga.

Foto: Politiet

I retten forklarte faren at han frykta at dottera skulle døy på grunn av rusproblem.

Difor stengde han kvinna i 20-åra inne i ei heimesnekra glattcelle.

– Eg hadde ikkje klart å sjå meg sjølv i speilet om eg ikkje hadde gripe inn, sa faren i Aust-Agder tingrett.

Kvinna sin bistandsadvokat Arne André Larsen er nøgd med dommen.

– Retten har trudd henne på korleis dette har blitt opplevd og kor skremmande det har vore. Vi er også nøgd med at ho er tilkjent ei oppreising, seier Larsen til NRK.

Frykta ho var i livsfare

Faren forklarte også at han hadde mistanke om at dottera var introdusert for rusmiddel allereie då ho var 13 år.

Gjennom tenåra skal rusmisbruket ha auka. Han forklarte også at han fleire gonger prøvde å få dottera på rett kjøl, mellom anna med to tvangsinnleggingar i det offentlege helsevesenet.

I juni i fjor fekk han fleire meldingar frå rusmiljøet om at dottera var i livsfare etter at ho skal ha blitt introdusert for syntetisk heroin.

– Eg tenkte, no drep han meg

1. jul i fjor lokka faren dottera ut frå eit hus nær Arendal. Han skal ha fått hjelp av to andre. Dottera vart etterkvart plassert i cella som var bygd i eit næringsbygg faren disponerte.

Dottera forklarte i retten at ho frykta å døy då ho vart plassert i cella. Ho fortalde at ho vart påsett strips, hette og handjern før ho vart bortført.

– Eg tenkte, no drep han meg, og det skal bli deilig å komme til himmelen. Det seier alt, sa kvinna i retten.

Dommen mot dei to andre mennene kjem seinare onsdag.

kidnapping åsted
Foto: Politiet

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %