NRK Meny
Normal

Politiet: – Vi beklagar veldig sterkt

Politimeisteren i Agder beklagar at feil familie fekk beskjed om at sonen deira hadde omkomme i ei trafikkulykke. Her forklarar ho korleis det skjedde.

Kirsten Lindeberg

Kirsten Lindeberg er politimeister i Agder.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

– Det er ei tragisk sak. Det er sjølvsagt veldig tragisk når vi tek feil i ei vanskeleg sak, som er vanskeleg for familien. Det beklagar vi veldig sterkt, seier politimeister i Agder, Kirsten Lindeberg til NRK.

Elin og Roy Andersen

Foreldreparet Elin og Roy Andersen fekk beskjed om at sonen deira omkom i ei trafikkulykke laurdag.

Foto: Privat

Laurdag fekk eit foreldrepar i Froland prest på døra, som fortalde at sonen deira hadde mista livet i ei trafikkulykke.

Kring ein time seinare ringde sonen til bror sin.

– Han sa det var den døde broren som ringde. Eg sa det ikkje kunne stemme, og at nokon måtte ha funne telefonen hans. Då han tok den høyrde han broren si stemme i den andre enden. Han forstod nok ikkje stort, for vi hylte og skreik. Lever du, lever du, seier mor Elin Andersen til Agderposten.

Sonen låg heime hos seg sjølv og sov då foreldra fekk dødsbodskapen, som altså var feil.

Bilen hans skal ha blitt stolen, og det var ein annan mann som omkom i ulykka i Froland.

Antok at eigaren var i bilen

Måndag har politiet gjort undersøkingar internt for å finne ut korleis dette kunne skje.

– Noko av det som gjorde det vanskeleg var at det var dårleg med identifikasjonspapir i bilen. Det var ei vanskeleg sak å identifisere. Det var eigentleg det som gjorde det verst for oss. Det førte til at vi engasjerte presten tidlegare enn vi elles ville ha gjort, seier Lindeberg.

– Då antok ein at det var eigaren i bilen som var omkomme?

– Vi gjorde det. Det var grunnlag for å tru det på det tidspunktet med opplysningane dei hadde. Det er forhold som det vi no ser på, og det skal vi sørge for å unngå i framtida.

Dødsulykke i Froland

Dødsulykka skjedde på fylkesveg 152 i Froland laurdag. Føraren av bilen var erklært død på staden.

Foto: Leif Dalen / NRK

– Har aldri opplevd dette tidlegare

Det var sogneprest Tom Martin Berntsen som vart oppringt av politiet, og som reiste til Froland for å fortelje foreldra at sonen deira var død.

Tom Martin Berntsen

Det var sogneprest Tom Martin Berntsen som formidla dødsbodskapen til feil familien. Sognepresten vart oppringt av politiet.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

– Politiet ba meg reise ut til foreldra med dødsbodskapen, som dei mottok med stor sorg. Då eg var på veg heimover ringde dei og fortalde at dei hadde snakka med sonen, har Berntsen sagt til NRK.

Politimeisteren forsikrar at dei no går gjennom saka for å unngå at slikt skal skje igjen.

– Vi ser jo grundig på alle detaljane i saka. Vi er også opptekne av at det sit ein familie som har mista ein son, som får sin del av dette, og som er dei som verkeleg lir, seier ho.