Hopp til innhold

Politiet: – Føraren har hatt flaks

Ein bil køyrde i eit vatn på Vestre Saltrød i Arendal måndag ettermiddag. Politiet meiner mannen i bilen hadde flaks, som truleg sleppte unna skader.

Bil i vatnet

Bilen låg på taket i vatnet.

Foto: Leif Dalen / NRK

Alle naudetatane rykte ut etter at dei fekk melding ein bil som hadde køyrt i vatnet. Brannvesenet hadde med seg dykkarutstyr og var klar til å setje i gang søk.

Då dei kom til staden var det ingen personar i bilen. Det viste seg til slutt at mannen hadde reist frå staden.

– Vi fekk tak i ho på telefon før vi sette i gang søk i vatnet, seier innsatsleiar i politiet, Bernt Byklum Bjerke til NRK.

Innsatsleiaren meiner mannen var heldig som ikkje vart skada i ulykka.

– Flaks er vel eit ord du kan bruke. Det er ein fem meter lang skrent. Ho har nok fått seg ein støkk, seier Bjerke.

Politiet skal no møte mannen, som truleg skal til legevakta for sjekk.

Bil i vatnet i Arendal

Politiet meiner mannen i bilen hadde flaks som ikkje vart skada i ulykka.

Foto: Leif Dalen/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %