Hopp til innhold

Politiet om våpentjuveri: – Særs alvorleg

Politiet trur våpentjuveriet i Marnardal kan ha samanheng med andre hendingar den siste tida.

Sauer banerifle

Det er våpen av denne typen som er stole i Marnardal.

– Våpentjuveri i dette omfanget er særs alvorleg. Det er snakk om 10–15 våpen. Vi veit ikkje eksakt kor mange det er snakk om endå, seier politistasjonssjef i Mandal, Leif Vagle til NRK.

I løpet av dei siste dagane er det skåre opp tre våpenskap i lokala til Laudal skyttarlag. Mellom 10 og 15 banerifler er borte.

Leif Vagle portrett

Politistasjonssjef i Mandal, Leif Vagle.

Foto: Jon Anders Møllen / NRK

I tillegg er ei ukjend mengd ammunisjon borte frå skyttarlaget sine lokale. Det uroar politiet.

Sjekkar mot andre hendingar

– Vi veit at våpen som vert stole ofte vert omsett i kriminelle miljø og kan brukast til litt av kvart, seier Vagle.

Måndag skal krimteknikarar undersøke staden der riflene vart stole ifrå.

Politiet sjekkar også tjuveriet opp mot andre hendingar.

– Vi ser om det er samanheng med andre forhold i området og distriktet utan at eg vil nemne kva eg tenker på då. Vi har ikkje mange spor umiddelbart, men vi etterforskar breitt, seier han.

Etterlyser vitne

Politiet etterlyser også vitne i saka.

– Det kan vere folk som har sett noko spesielt i området der skyttarlaget held til. Vi reknar med at tjuveriet har skjedd medan det ikkje var andre folk i området, seier han.

Våpena er presisjonsvåpen som vert brukte til trening- og konkurranseskyting.

– Dette er store og tunge våpen som først og fremst er interessante for dei som driv med baneskyting, sa leiar av Laudal skyttarlag, Svein Storebaug til NRK søndag.

Klubben kjøpte nyleg inn tre nye gevær til 25 000–30 000 kroner per stykk. Samla har våpena ein verdi på godt over 100 000 kroner.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %