NRK Meny
Normal

Båtførar sporlaust borte etter forlis

Politiet har framleis ikkje funne mannen som førte båten som gjekk ned i hamna i Arendal natt til søndag.

Festbåt sank

Båtar som var i området kom raskt til for å hjelpe folk opp av sjøen.

Foto: ElisabethGrosvold

Ernst Ragnar Pfaff

Politiadvokat Ernst Ragnar Pfaff.

Foto: Leif Dalen/NRK

– Vi prøver å finne han, men vi har førebels ikkje lukkast, seier politiadvokat Ernst Ragnar Pfaff til NRK.

22 personar fall i vatnet då den 23 fot store sjekta kantra og sank i Arendal hamn rundt midnatt natt til søndag.

Ifølgje politiet vart båten treft av ei lita bølgje før den kantra og gjekk ned. NRK kjenner til at det skal ha vore ein bursdagsfest om bord i båten.

– Stappa med folk

Båtar som var i nærleiken kom raskt til og fekk plukka opp dei 22 personane. Sju personar vart sende til legevakta for sjekk, men ingen skal vere alvorleg skadde etter ulykka.

Politiet har gjort avhøyr av båteigaren, som ikkje var med på turen. I heile dag har dei forsøkt å komme i kontakt med mannen som førte båten, utan å lukkast.

– Vi kan mistenke at føraren har vore påverka av alkohol. Som førar av båten er det også uansvarleg å ta såpass mange folk om bord i båten. Båten var stappa med folk, seier politiadvokaten.

Politiet påpeikar at ulykka kunne fått langt større konsekvensar dersom den hadde skjedd utanfor havneområdet.

– Hadde det skjedd i Hølen som er ein liten innsjø i tilknyting til Nidelva, der dei var tidlegare på kvelden, kunne det nok fått eit mykje verre utfall. Der er det normalt få båtar på den tida. Inne i Arendal sentrum var det ganske mange båtar i umiddelbar nærleik, seier Pfaff.

Folk fekk panikk

NRK har tidlegare vore i kontakt med ein av personane som var om bord i båten då ulykka skjedde. Personen vil ikkje stå fram med namn.

– Det var mange som fekk litt panikk då båten gjekk rundt, men folk kom seg greitt opp til slutt, seier personen.

Til NRK sa personen også at ulykka skjedde då ein rib kom nær inntil festbåten.

– Vi køyrde heilt vanleg då det kom ein rib heilt tett på oss. Den forsøkte kanskje å sprute vatn på oss. Plutseleg låg vi i vatnet, seier personen.

Politiet utelukkar at andre båtar var årsak til ulykka.

Båt gjekk ned i Arendal

Ambulanse og brannvesen på plass i hamna natt til søndag.

Foto: Elisabeth Grosvold/Agderposten