NRK Meny
Normal

Politiet jaktar austeuropeisk bande

Politiet meiner ein bande frå Aust-Europa står bak over 60 innbrot på Sørlandet den siste veka.

Innbrotsraid Sørlandet

JAKT: Politiet trur dei veit kven som står bak ei rekkje innbrot på Sørlandet den siste tida. På bilete viser Ole Vidar Dahlheim kvar tjuvane tok seg inn i huset hans. (Arkivfoto)

Foto: NRK

– Med tanke på måten dei er organisert på er vi ganske sikre på at det er snakk om austeuropeiske kriminelle som har kasta augene sine på Agder, seier kriminalsjef i Agder politidistrikt, Arne Pedersen til NRK.no.

Politiet meiner to grupperingar køyrer rundt på Sørlandet, bryt seg inn i hus og raskar med seg det dei kan.

6-10 personar

Kriminalsjef Arne Pedersen, Agder politidistrikt.

Arne Pedersen.

Foto: Einar Kleveland / NRK

– Det kan vere alt ifrå 6-10 personar, men vi er litt usikre på kor mange personar det dreiar seg om, seier Pedersen.

Kriminalsjefen fortel at politiet har sikre observasjonar på fleire varebilar som vert knytt til ei rekkje av innbrota. Tjuvane ber ikkje våpen og er ikkje i narkorus.

– Det er ingen indikasjonar på det. Dette er personar som har komme hit for å begå vinningskriminalitet og det heile er godt organisert. Det er dette som gjer det heile så problematisk. Dei sprer seg og går til fots, stel og køyrer av garde i bilane, fortel han.

Innbrot på par minutt

– Det heile skjer veldig raskt. Når eg går inn i eit hus er dei veldig målretta på kva dei skal ha tak i og eit innbrot er over i løpet av eit par minutt, seier han.

Pedersen fortel at Agder-politiet har venta på at ein slik bande skulle innta landsdelen.

– Austlandsregionen har hatt veldig mykje innbrot i bustader. Vi har vore spart for det, men vi har gått og venta på at vi må rekne med at det kjem her også. No er det komme til Sørlandet, seier han.

Dersom du vaknar om natta og oppdagar at folk er inne huset frårår han å gripe inn, sjølv om tjuvane ikkje er væpna.

Risikerer basketak

– Då kan ein risikere å komme i eit basketak som kan vere problematisk. Eg rår folk til å raskast mogleg ta kontakt med politiet om ein har oppdaga folk i huset, seier Pedersen.

Han innser at politiet står føre ei stor utfordring med tanke på å ta banden.

– Dette er profesjonelle folk. Når dei kjem på denne måten, er dei ikkje lett å stoppe, seier kriminalsjefen.

Ordførar i Arendal, Torill Rolstad Larsen, vil ha innbrotstjuvane ut av landet. Så enkelt er det ikkje, ifølgje Pedersen.

Må avdekkje

– Dei vi kjem i kontakt med er som regel frå schengen-land. Systemet er slik at vi må avdekkje at dei har gjort kriminelle handlingar. I utgangspunktet må det fengselsstraff til for at vi skal få vist dei ut, eller at dei er bøtelagde fleire gonger, seier han.

– Det vi gjer no er at vi registrerer dei. Straks vi kjem over noko fengslar vi dei. Vi sørgar for utvisning i samband med sakene, men vi er nøydde til å ha ein dom i botnen, seier Pedersen.